Re: Etisk terreng

Olve Steinset (olves@online.no)
Fri, 10 Oct 1997 14:15:44 +0100

Roald Helgheim
Du spør kvifor eg blæs meg opp. Til det må eg berre svara, som nesten sant
er, var for å vise "martyren" den ære "martyrar" fortener. Ingen har bede
deg om å forlate avisa Roald, anna enn du sjølv. Om du har skrive på "lånt
tid", er det du sjølv som har lånt den bort. Når du vel å ta eit større
ansvar enn det nokon har bede deg om, kan du ikkje lasta andre enn deg
sjølv for det. Når du har bygd deg ein "skammel" så høg at du er redd for å
ramla frå den, ja så er det du sjølv som har klive oppå den og du sjølv som
hoppar frå den. Difor Roald vekkjer tårene dine liten medkjensle hjå meg -
uansett kva for ein kontekst du måtte velje å sette dei inn i. Blanding av
politisk retorikk inn fletta i omtale av Odd Børretzen sin siste CD synest
eg var usmakeleg - det skal eg ikkje lasta deg for, slike reaksjonar er
mine eigne.

Ja, samme fanden kor politisk usamd eg har vore med deg mange gonger, så
synest eg det er forbanna trist at DU forlet avisa - men eg innser at eg
ikkje kan stagga deg. Nei, eg vil ikkje ha deg som redaktør for avisa,
sjølv om du måtte vere 1000 gonger flinkare enn JM til å laga avis - her er
det for meg fyrst og fremst snakk om kva slags avis Klassekampen skal vere.
Eg trur ikkje du og eg Roald har eit samanfallande syn på det - DERFOR!

Du er ein av dei beste musikkskribentane eg veit om - det skal ingen kunne
take frå deg, så får vi vere så ideologisk usamde vi berre vil!

Lykke til vidare Roald!

Venleg helsing

Olve Steinset

At 11:56 10.10.97 +0200, you wrote:
>Det er lenge sidan eg har vore innom lukket avdeling (kk-forum) men har
blitt gjort merksam på eit innlegg frå Pål Steigan der han meiner eg kjem i
"et etisk vanskelig terreng" ved å stille kabinettspørsmål og leggje ned
veto (jfr. Roar Madsen). "Han stiller jo faktisk ultimatum overfor det
styret som skal vurdere hans kanidadtur. Kan Helgheim virkelig forsvare
dette på prinsipielt moralsk grunnlag? Og med hvilke argumenter?
> De er sterkt av Steigan å stille meg slike spørsmål i ein prosess der Akp
har jamna det etiske terrenget med jorda frå start til mål. Hadde eg endå
hatt vetorett, men å stille ultimatum mot ein kandidat Steigan veit like
godt som eg er så godt som tilsett, slik han har vore sidan den dagen han
reid inn i fjernsynsstudio som ein annan cowboy, med eit "demokratisk"
mellomspel klubben pressa partiet til _ det er jo ganske vanskeleg. Difor
er innlegget mitt ein enkel beskjed om kva som skjer når Michelet får
jobben måndag. Det minner meg om den gongen eg for moro søkte jobben som
kringkastingssjef etter at Einar Førde hadde førehandsannonsert sitt
kandidatur og i praksis fått han. Sjølv om eg er åtte gonger betre på å
lage avis enn Michelet, er eg ganske viss på at han spelar Førdes rolle i
KK-saka. Slik er det berre. Det er det etiske terrennget vi vassar i,
Steigan. I lukket avdeling. For øvrig takkar eg for eventuell sympati som
har kome til syne også på dette forumet innimel!
>lom all den politiske blodtørsten. Til Olve Steinset kan eg berre melde at
Helgheim alltid har vore ein fredsæl mann utan fåre for nokon. Så kva er
det du blæs deg så opp for, mann?
>IHM Roald Helgheim (IHM betyr innehaver av Molderosen)
>
>
http://home.sol.no/~evlos/Testside