Etisk terreng

Roald Helgheim (roaldh@klassekampen.no)
Fri, 10 Oct 1997 11:56:14 +0200

Det er lenge sidan eg har vore innom lukket avdeling (kk-forum) men har blitt gjort merksam på eit innlegg frå Pål Steigan der han meiner eg kjem i "et etisk vanskelig terreng" ved å stille kabinettspørsmål og leggje ned veto (jfr. Roar Madsen). "Han stiller jo faktisk ultimatum overfor det styret som skal vurdere hans kanidadtur. Kan Helgheim virkelig forsvare dette på prinsipielt moralsk grunnlag? Og med hvilke argumenter?
De er sterkt av Steigan å stille meg slike spørsmål i ein prosess der Akp har jamna det etiske terrenget med jorda frå start til mål. Hadde eg endå hatt vetorett, men å stille ultimatum mot ein kandidat Steigan veit like godt som eg er så godt som tilsett, slik han har vore sidan den dagen han reid inn i fjernsynsstudio som ein annan cowboy, med eit "demokratisk" mellomspel klubben pressa partiet til _ det er jo ganske vanskeleg. Difor er innlegget mitt ein enkel beskjed om kva som skjer når Michelet får jobben måndag. Det minner meg om den gongen eg for moro søkte jobben som kringkastingssjef etter at Einar Førde hadde førehandsannonsert sitt kandidatur og i praksis fått han. Sjølv om eg er åtte gonger betre på å lage avis enn Michelet, er eg ganske viss på at han spelar Førdes rolle i KK-saka. Slik er det berre. Det er det etiske terrennget vi vassar i, Steigan. I lukket avdeling. For øvrig takkar eg for eventuell sympati som har kome til syne også på dette forumet innimellom all
den politiske blodtørsten. Til Olve Steinset kan eg berre melde at Helgheim alltid har vore ein fredsæl mann utan fåre for nokon. Så kva er det du blæs deg så opp for, mann?
IHM Roald Helgheim (IHM betyr innehaver av Molderosen)