Re: Ved vegskilje

Finn Sindre Eliassen (finn@frida.alesund.fylkesbibl.no)
Wed, 8 Oct 1997 06:10:31 +0200 (MET DST)

Ingen er uerstatteleg, men det vert naturlegvis ikkje lett å erstatte
Helgheim. Hans innbitne, antikommunistiske stil har vore noko særmerkt i
norsk presse; betalt av eit kommunistisk parti.

Men det kan hende at avisa greier seg betre utan ein slik profil i
redaksjonen. Det skal vi ikkje sjå vekk frå.

Finn Sindre Eliassen

> Dersom det vert slik, som eg ynskjer, at Jon Michelet blir tilsett som ny
> redaktør i Klassekampen så forlet Torstein Tranøy og Roar Helgheim avisa.
> Det er eit tap, begge har kunnskap, erfaring og fagleg innsikt denne avisa
> treng, det er dumt å ikkje vedkjenne seg dette. Eg voner derfor, dersom Jon
> Michelet blir tilsett, at ettermælet til Torstein, Roar og Paul kan bli
> noko meir enn at "dei fall for eige grep". Alle har dei, kvar på sitt vis,
> gjeve sterke bidrag til denne avisa sitt positive omdøme. Eg vonar deira
> innsats for avisa kan ha større historisk gjenklang enn den politiske strid
> som no kan føre oss fram til dette vegskilje.
>
> Den resurs dei representerer er ikkje uerstatteleg, likevel - med ein
> redaksjon utan Roar og Torstein er avisa Klassekampen noko fattigare. Eg
> vonar eit slikt tap fort let seg erstatte.
>
> Dersom det no går slik eg vonar det gjer, og de, Roar og Torstein vel å gå,
> vil eg nytte dette høvet til å takke dykk for innsatsen og ynskje dykk
> lykke til vidare. Vonar likevel eg av og til kan finna signaturen dykkar
> under/over nokre artiklar/innlegg i avisa i tida framover.
>
> MHH Olve Steinset
>
>