Ved vegskilje

Olve Steinset (olves@online.no)
Wed, 08 Oct 1997 14:18:28 +0100

Dersom det vert slik, som eg ynskjer, at Jon Michelet blir tilsett som ny
redaktør i Klassekampen så forlet Torstein Tranøy og Roar Helgheim avisa.
Det er eit tap, begge har kunnskap, erfaring og fagleg innsikt denne avisa
treng, det er dumt å ikkje vedkjenne seg dette. Eg voner derfor, dersom Jon
Michelet blir tilsett, at ettermælet til Torstein, Roar og Paul kan bli
noko meir enn at "dei fall for eige grep". Alle har dei, kvar på sitt vis,
gjeve sterke bidrag til denne avisa sitt positive omdøme. Eg vonar deira
innsats for avisa kan ha større historisk gjenklang enn den politiske strid
som no kan føre oss fram til dette vegskilje.

Den resurs dei representerer er ikkje uerstatteleg, likevel - med ein
redaksjon utan Roar og Torstein er avisa Klassekampen noko fattigare. Eg
vonar eit slikt tap fort let seg erstatte.

Dersom det no går slik eg vonar det gjer, og de, Roar og Torstein vel å gå,
vil eg nytte dette høvet til å takke dykk for innsatsen og ynskje dykk
lykke til vidare. Vonar likevel eg av og til kan finna signaturen dykkar
under/over nokre artiklar/innlegg i avisa i tida framover.

MHH Olve Steinset