Lina, journalistane og pengane

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Fri, 3 Oct 1997 11:41:08 +0100

Hei igjen Rune! Du skriv:

"Sjøl om man gjerne må mene at Jon M. vil ta seg av den politiske kursen på
en utmerka måte, så må man ta folka og pengene på alvor. Det gjøres ikke av
Jon Ms heiagjeng her på forumet. Vi får håpe at majoritetseier AKP har bedre
vett på mandag."

Og dessutan

"Men nå tar de som fortsatt insisterer på Michelet en svær sjanse. Å trumfe
mannen
inn risikerer å kjøre dagavisa på dunken. KK er ikke et produkt som kan
holdes oppe
gjennom dugnadsarbeid. Avisa har over 40 ansatte og et tosifra antall
millioner kroner
i omsetning. Produktet skal leveres 6 dager i uka, året rundt. Og det må
være bra nok
til at 10.000 folk er villige til å bruke to tusen kroner i året på å tegne
abonnement. Dette
krever tre ting:

En riktig politisk kurs, dyktige journalister, penger."

Det er ikkje vanskeleg å vera samd i det siste. Derimot er eg svært skeptisk
til dei bastante
premissa du prøver å leggja ved å definera Jon M's heiagjeng (kven er det
forresten???) som ei forsamling
som ikkje tar folka og pengane på ålvor. Ei sterk skulding.

Dette er ein form for implisitt argumentasjon som eg meiner er tvilsam. Kva
ligg til grunn for dette? Dersom
det er ei skikkeleg konkret vurdering av kva me kan vinna opp imot kva me
kan tapa med Jon M. som redaktør
vurdert opp imot kvarandre og vurdert i høve til føremåla for avisa - ja då
er eg imponert. Då skal
eg snu Rune - eg er ikkje meir stivbeint enn det.

Eg skal til og med vera sopass raus at eg gjev deg heilt rett i at KK ikkje
kan overleva med Jon M som redaktør dersom
du einsidig ser på dei negative verknadene. Greidt nok. Men det er då ogso
tenkjeleg at ei slik tilsetjing vil ha
positive verknader. Altso: Ikkje berre journalistflukt, men ogso nokre nye
(pluss at ein del gamle vil verta), ikkje
berre tingaroppseingar - men ogso nokre nye tingingar. Ikkje berre tap av
skribentar - men ogso nokre nye skribentar.
Ikkje berre nokre frustrerte KK-vener men ogso gamle som vinn att gløden
saman med ein del nye o.s.b. o.s.b.

Liknande vurderingar kan sjølvsagt gjerast med alle redaktørkandidatar.

Det eg finn ein smule påtakeleg er at slike heilskaplege vurderingar når det
gjeld Michelet berre vert gjort
implisitt - aldri konkret, og dessutan utan at det ser ut til at mogelege
plussfaktorar har vore med i vurderinga.
Dette til og med av folk som langt på veg kan gå med på at problema ikkje
fyrst og fremst er personen Michelet og som
til og med langt på veg meiner han kan styra avisa etter ein greid eller
iallfall akseptabel politisk kurs. Dette synst
eg er meir enn merkjeleg.

Dersom dette berre er eit reint tilfelle - kan denne veikskapen rettast opp
etter dette. Tek du den utfordringa
Rune, skal du iallfall få honnor av meg. So skal eg vedgå at eg heller ikkje
har gjort slike vurderingar av dei andre kandidatane.
Kanskje burde det gjerast, men ettersom eg meiner fleire av dei har plassert
seg på "feil" side i ordskiftet om kritikken av
avisa meiner eg at dei er uaktuelle - uansett om dei måtte koma dragande med
titals Schibsted eller Orklamillionar eller
ein million eller to frå Akersgata og litteraturvitarane på Blindern. Ja til
og med uaktuelle SÆRLEG DÅ.

Med helsing
Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41