Redaktør i KK

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Wed, 1 Oct 1997 13:35:12 +0100

Det verserer utsegner frå Eva Charlotte Tønnesen og Bente Thoresen (visstnok
gjevne i Aftenposten og Arbeiderbladet) på nettet.
Kan nokon leggja ut dette på KK-forum?

Det einaste eg har sett er eit stort oppslag med Torstein Tranøy og Eva
Charlotte Tønnesen der Eva vert lansert slik:

"Navn: Eva Tønnesen
Seksuell orientering: Lesbisk
Meritter: Verdensmester i orientering
Aktuell: Seiler opp som favoritt til stillingen som redaktør i Klassekampen"

Overskrift: "På tide med yngre krefter"

Ifylgje dette oppslaget meiner redaksjonsklubben at berre fire av søkjarane
er aktuelle til å få redaktørstillinga: Eva Charlotte Tønnesen,
Kjell Gjerseth, Bente Thoresen og Roald Helgheim (!!!!!)

Det går ogso fram av oppslaget at Tønnesen meiner at den seksuelle legninga
hennar har gjeve henne røysnler som vil vera viktige kvalifikasjonar for
redaktørstillinga.

Dagbladet seier naturlegvis ikkje eit pip om ordskiftet om kva slags avos KK
skal vera, og nemner i forbifarten Michelet som AKPs mann.

Eg jo ikkje heilt sikkert i kva grad Tønnesen, Gjerseth og Thoresen
identifiserer seg med dei strategiane for KK som Allern og Bjerke
stod for. Ettersom me må vera opne for at dei kan stå på andre liner,
utfordrar eg her desse kandidatane til å klårgjera sine synsmåtar på
føremålsparagraf, tilsettingspolitikk, redaksjonell line frametter og på den
striden som no har rasa.

Me kjenner jo standpunkta til Helgheim. No går "nettrykte" (melding frå
Marsdal) om at Tønnesen og Thoresen ligg i same gata. Er dette rett - og kva
med Gjerseth? Inntil dette eventuelt er overtydande avkrefta kan eg ikkje
sjå anna enn at Michelet sitt kandidatur har vorte
langt sterkare.

Personleg meiner eg at alle redaktørkandidatar som ikkje har klår vilje til
å styra den redaksjonelle lina burt frå den praksisen som har rådd
dei seinaste åra (i samsvar med hovudtendensane i kritikken) i
utgangspunktet ikkje bør vera aktuelle kandidatar. Eg har ein mistanke om at
mange er samd med meg i det - difor er det interessant å få ei klårgjering
av kvar Tønnesen, Gjerseth og Thoresen står i desse spørsmåla.

Eg ventar i spaning på kva redaksjonsklubben kjem til å seia dersom nokon no
hevdar at andre einskildsøkjarar enn Michelet er uynskte på grunn av den
rolla dei har hatt i striden og standpunktet dei har teke. Eg reknar med at
slike vurderingar vil verta utlagte som udemokratiske overgrep solenge dei
vert gjort av andre enn redaksjonsklubben i KK.

Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41