Dag og tid -leiarteigen

Lagskontoret til BUL (lagskontor@bul.oslo.no)
Fri, 26 Sep 1997 20:29:25 -0700

ø Kulturkanalen ø Dag og Tid ø 25.09.97

Leiar: Målmenn bak mål

Diverre har Klassekampen vanskar for tida -- både med økonomien,
opplaget og eigarane i AKP. Redaktøren er sparka, medan Jon
Michelet er sett opp som klovn på venteliste.

Økonomien i Klassekampen er dårleg. Opplaget, som var kring 10.000 under
EU-striden, har gått kraftig tilbake.

Dette beklagar me sterkt.

Så langt er AKPs simple forsøk på å fjerna redaktøren møtt med bortimot
null sympati både i Klassekampen og blant folk flest.

Midt oppi denne avisstriden dukka det sist laurdag opp eit merkverdig
opprop på annonseplass i Klassekampen. Bak oppropet står 30
personar med bakgrunn som aktivistar i målrørsla. E

I oppropet klagar dei over at Klassekampen har vorte ei uinteressant
avis. Dei grunngjev dette med at avisa i liten grad følgjer opp det
som skjer i Distrikts-Noreg. Klassekampen skal dessutan ha vore
uinteressert i det friviljuge, folkelege kulturlivet. Avisa som skriv
mykje
av stoffet sitt på nynorsk, vert skulda for å ha vore språkpolitisk
medvitslaus. Men ikkje nok med det; Klassekampen har også vore for
lite interessert i Målungdommens nasjonalismedebattar.

Ut frå dette meiner mållagsmedlemmene at AKPs forsøk på redaktørskifte,
er gledeleg. Dei ønskjer Jon Michelet velkomen; ein mann
som slår fast at han ikkje er nokon leiartype og vedgår at han var
vanskar med å administrera seg sjølv.

Overalt der me har diskutert oppropet frå målmennene, har det vorte møtt
med vantru og hovudristing. Kvifor i all verda stiller
målaktivistane seg bak eit utspel som kan øydeleggja dagsavisa for
venstresida? Kvifor støttar dei eit daudt parti som prøver å ta ei god
avis med seg i grava?

Oppropet er ekstra trist viss det er eit prov på at dagens målungdom er
så høgrevridd at dei ønskjer å stogga kjeften på Klassekampen
for godt. Det er direkte naivt å tru at ei innsnevring av Klassekampen
kan appellera til fleire lesarar.

På 80-talet medverka den førre redaktøren, Sigurd Allern, til at
Klassekampen vart kjent for å driva kritisk, undersøkjande
journalistikk.
Dette førte til at folk langt utanfor AKP gjorde Klassekampen til si
avis. Også i redaktør Paul Bjerkes tid har Klassekampen prøvt å vera
ei avis for venstresida, men dette har ikkje vore godt nok for AKP.
Etter valet har somme til og med skulda Klassekampen for at Erling
Folkvords mandat gjekk tapt i Oslo.

Lukkast AKP, med støtte frå Målungdommen, å gravleggja Klassekampen,
veit ein aldri kva som kan skje. Greier Målungdommen å
medverka til at den eine kritiske avisa vert plassert under torva, står
kanskje den andre for tur?

Ottar Fyllingsnes