Skal_Klassekampen_ofrast_på_

Olve Steinset (olves@online.no)
Thu, 25 Sep 1997 14:58:06 +0200

Skal Klassekampen ofrast på "forbannelsens alter"?
Dette er eit ærleg forsøk på å sei kvifor eg engasjerer meg i denne
debatten, etter å ha sete mange år "på steingarden" og latt blikket mitt
kvile på det som har vært mest behageleg å ta inn over seg - frå det
politiske landskapet. Å jau, eg har blitt forbanna og til tider svært
opprørt, men sanninga er - sjølv om eg likar den dårleg - at eg har valt å
sjå i ein annan retning!

Dette kunne eg gjere fordi eg viste at der ute eksisterte avisa
Klassekampen (sjølv om vi berre sporadisk desse åra kjøpte den og abonnerte
i periodar på laurdagsavisa), AKP (sjølv om nokon hevdar at det er blitt
ein anakronisme), levande og oppegåande radikale ungdomsorganisasjonar (som
gjev visjonar om framtida), RV (takk til alle dykk som slit ein ærleg kamp
i parlamentariske organ) og alle dei som til dagleg sloss ein kamp mot
urett her heime.

Skulle Klassekampen forsvinne ville store delar av denne vakre veven falme
og sanninga vanskelegare tilgjengeleg - lista over tapet kan gjerast
ufatteleg lang, det skal eg la ligge. Dette er eg 100% overtydd om, same
kva ein måtte meine om kvaliteten av innhaldet i det siste. For meg er det
dette saka dreiar seg om!

Difor, kjære vener, gjer det meg oppriktig trist å lese Roald Helgheims
innlegg i dag, og eg tek han fanden så alvorleg! For ei stakkars stund skal
eg la polemikken ligge. Roald og eg er sikkert usamde om mykje, men han er
den einaste som kan sei sanninga om eigne opplevingar, sinne og
frustrasjon. Hans sinne og den frustrasjon han gjev utrykk for, har eg
ingen som helst grunn til å tvila på. For meg er dette ei mykje meir
alvorleg sak enn det han polemisk (min karakteristikk) gjev utrykk for er
AKPs politiske karakter - den er vi nemleg usamde om, og det kan eg leve
med. Derimot kan eg på ingen måte akseptere er at dei, som skal ha sin
arbeidsplass i Klassekampen, skal oppleve å ha eit helvetes (orsak
utrykket) dårleg arbeidsmiljø, oppleve å ha ei elendig og udugeleg leiing,
som ikkje er viljuge til å ta dette alvorleg. Slike forhold må det ryddast
opp i og det fanden så fort!! Utan kan vi diskutere oss blåe i trynet om
innhaldet i formålsparagrafen, redaktørplakaten og avisas eigarstruktur,
medan avisa sakte men sikkert rotnar innanfrå.

Ein ting vil eg gjere klinkande klårt; det produkt som skal produserast i
avisa Klassekampen må til ei kva tid være i tråd med den til ein kvar tid
gjeldande formålsparagraf for avisa. Denne setter rammene for det produkt
som skal skapast. Det er tilsette i Klassekampen, inklusiv den til ein kvar
tid tilsette redaktør, fordømt forplikta til. Dette er ikkje eit spørsmål
om kva ein likar eller ikkje likar, om bedriftsdemokrati eller ikkje, om
godt eller dårleg arbeidsmiljø, men om å vere lojal i høve til det ein er
sett til å gjere. Kan ein ikkje leve med det - ja, så får ein finne seg
noko anna å gjere.

Sjølvsagt skal tilsette i Klassekampen ha rett til å kunne påverke rammene,
men ikkje særrettar utover det dei har som tilsette. Då får dei delta på
lik line med andre i ein demokratisk prosess.

Om nokon er så banale i si tenking at dei trur det kan skapast eit
"kommunistisk Klassekampen A/S" verna mot dei kapitalistiske lovene, i det
kapitalistiske Noreg, selskapet er grunna på - ja, så skal eg vedgå at dei
har mi medkjensle. Eg er eit demokratisk menneske, men fanden ingen
ultrademokrat. Det finnast tid for debatt, ei tid for vedtak, ei tid for
handling, tid for evaluering og ny debatt. Den som berre blir ved debatten,
kjem ingen veg og har heller ingen rett til å klage over resultatet!!

Tron Øgrims innlegg i dag 25. sep. inneheld mykje fornuft, det etter mi
meining kan være fruktbart å ta med seg, for dei som skal bestemme eit og
hint i Klassekampen A/S i tida som kjem.

MHH Olve