Troendelag Raud Ungdom om KK

Tomas Bertelsen (tomasbe@stud.ntnu.no)
Wed, 24 Sep 1997 20:04:38 +0200 (MET DST)

Klassekampen trengs i dagens Noreg. Klassekampen er ei avis som tek opp
problem med samfunnet som vert ignorert av andre media. Likevel meiner vi
at Klassekampen har store manglar og feil.
Vi meiner at Klassekampen ikkje har tatt hensyn til den til dels
store kritikken som har kome den siste tida. Distriktsoppropet, som starta
på KK-forum, fekk diverre ingen konsekvens for innhaldet i avisa, og vi
meiner at Klassekampen ikkje godt nok bruker den frivillige innsatsen som
mange folk rundt om i landet er villige til å gjere for å stø opp om
avisa.

Vi ønsker oss:
- ei avis med eit breiare kulturstoff, som ikkje berre er skrive av og
for intellektuelle,
- ei avis med ein skarpare politisk brodd, gjennom m.a å følge den
revolusjonære,
formålsparagrafen,
- ei avis som aktivt oppmodar til frivillig støttearbeid og aktivisme
blant folk,
- ei avis tek opp problem blant folk på grasrota,
- ei avis kor innhaldet i større grad desentraliserast vekk frå Oslo og
Austlandet,
- ei avis som tek arbeidsfolk på alvor og som legger større vekt på det
faglege stoffet.

Viss dette skjer vil vi støtte om om avisa ved å bidra med artiklar, verve
abonnentar samt å selje Klassekampen på gata.

Med ønske om ei forandring,
Arbeidsutvalet i Trøndelag Raud Ungdom

Tomas Bertelsen
Eira Bjørnstad Foss
Anne Grete Haugan
Pål Hellesnes
Kjersti With Knutsen