Malurt i begeret?

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Tue, 23 Sep 1997 15:28:34 +0200

Aarbakke har rett i at ein redaksjon ikkje kan TVINGAST til å samarbeida med
ein ny redaktør. Men no har redaksjonsklubben
gått so langt at dei har vedgått at tilsetjing av ny redaktør er ei
styresak, og dei er ein del av tilsetjingsprosessen gjennom
representasjonen sin i dette førebuande utvalet.

Dersom det er delt innstilling og delt styre når ny redaktør skal tilsetjast
er jo det leidt, men då er me jo attende til
det saka eigenleg gjeld, nemleg spørsmålet om det er redaksjonsklubben som
skal styra klassekampen. Dersom det er trugsmål om å nekta
samarbeid med ein ny redaktør som skal vera avgjerande for styret si
tilsetjing er me på ville vegar. Det må vera spørsmål om
syn på redaksjonell line i høve til føremålsparagrafen og innsikt/kunnskapar
i/om media som er viktigast (sjølvsagt må andre omsyn
ogso takast, t.d. evne til å leida, evne til å inspirera, iderikdom m.fl.)

Eg er samd med Aarbakke i at det ikkje er "det store vi" (av målpolitiske
grunnar talar eg heller om "det store ME"!!!)som skal hengja
over redaksjonen. På den andre sida er det desse "me" som til sjuande og
sist må gjera ein innsats for å berga avisa. Då kan det ikkje
vera heilt uinteressant kva "me" meiner korkje om redaktør eller
redaksjonell line - det kan iallfall ikkje vera mindre interessant
enn kva redaksjonen meiner - kva tykkjer du?

Eg forstår at det oppropet til støtte for Michelet du har reagert på. Det er
greidt nok at tilslutnad til Michelet som redaktør
ikkje i seg sjølve løyser eit einaste problem (kanskje skapar det nokre
nye). Eg har ingen problem med å sjå det. Eit av dei viktigaste
problema det ikkje løyser er at ei samling journalistar som arbeider i ei
viss avis har avgjort på førehand at dei tykkjer alle andre
er betre enn Michelet, og dei har fått mange andre med seg på at Michelet meiningssensur & AKP-diktat gjennom eit heller rabiat
redaksjonelt råkøyr og ei skitkasting av dimensjonar (jfr. t.d. baksida av
laurdags KK og Sigurd Allern i NRK 2). I tillegg til at
slike synsmåtar er rimeleg fastlåst inneber det ogso at nokon har drive med
aktiv undergraving av avisa. Etter dette hardkøyret
har eg lært eindel om kva som synest å vera alternative strategiar for KK. I
valet mellom Jon M. som eg har vore grunnleggjande usamd
med i innvandringspolitikk, kulturpolitikk og valkampstrategi (kanskje ogso
andre saker) og eit alternativ der KK skal forveksla venstresida
med kulturradikalismen hjå intellektualistisk betrevitarar som er
veltilpassa kritiske samfunnsstøttar - då vel eg Jon M. Det er eit
politisk standpunkt eg tek uavhengig av aksjelov og eigarrettar.

Eg veit at det ikkje representerer noko løysing av dei interne problema i
redaksjonen. Dei kan berre løysast med eindel diskusjonar
i redaksjonen. Det har det sikkert vore mange av under Bjerke ogso. Den
einaste skilnaden er at me med MIchelet vil få ein redaktør som vil
insistera på at det kan vera lurt å høyra på kritikk og framlegg utanfrå
(Hugs: Det er skilnad på å høyra på og det å bøya av for).
Det kan vera viktig for å fornya "kontrakta" mellom gamle KK-vener og avisa.
Får me ikkje det er alle voner ute for KK uansett. Og då får redaksjonen
gjera eindel val - mellom anna i kva grad dei ynskjer å vera med vidare. Eg
er ikkje livstidstilsett i den jobben eg no har - slik kan det heller ikkje
vera for KK - journalistar.

Eit opprop for Michelet løyser soleis ikkje problema for KK (m.a. dei
økonomiske), men det gjer då sanneleg heller ikkje oppropet for
redaksjonsklubben. Dette oppropet meiner eg står i motstrid til å løysa
problema fordi dei peikar på problem som i beste fall er heilt
underordna (redaksjonell fridom, redaktørplakat, AKP-styre o.s.b.). Eg ilar
til med å presisera at underordna her ikkje tyder prinsippielt uviktige, men
at desse problema IDAG verkar å vera små i høve til dei andre overordna
spørsmåla.

Gjennom denne avsporinga har det no vorte laga eit debattklima der støtte
til Michelet vert tolka som motstand mot redaktørplakaten, motstand mot
redaksjonell fridom, tilhengjar av avisa som mikrofonstativ for AKP (evt.
AKP/RV), å vera agent for AKP, å vera imot analytiske, djuptpløyande
artiklar skrivne av intellektuelle o.s.b. Hadde det ikkje vore for at
redaksjonsklubben valde å køyra denne lina ville eg ha
støtta dialog med klubben som hovudmetode, no er det einaste som hjelper
bruk av eigarmakt.

Det er svært leidt. Men dei som pukkar på bruken av eigarmakt og krev
lesarmobilisering burde tenkja litt på kvifor denne endringsstrategien
no har vorte umogeleg. Stikkord: Kritikk oversett, kritikarar låtteleggjort,
kritikk sensurert, McCarthyisme i avisa og i andre media,
klappjakt og uthengjing i KKs kampanjejournalistikk, trugsmål om å kuppa
avisa, krav om at redaksjonen skal overstyra styret o.s.b.

Når det er sagt er eg ein sterk tilhengjar om opne og inkluderande ordskifte
om kursen framover - NÅR DET ER INNSETT EIN REDAKTØR SOM
IKKJE ER MCCARTHYIST OG SOM ER VILJUG TIL Å LYDA PÅ SIGNAL FRÅ ANDRE ENN
KULTURELITEN.

Dersom eg hadde vore aktiv i AKP hadde eg reist mistillitsframlegg til
Gulbrandsen og Rynning Hansen på flekken dersom AKP gjer knefall for
kulturradikalismen.

Og der ligg problemet for Aarbakke og andre som har eit prisverdig ynskje om
å liggja i sentrum og å ikkje skjerpa konfliktane. Problemet er at dei allt
er sette på spissen. Er det nokon som trur at ein no kan "LØYSA" desse
problema no ved å fella ein balansert og salomonisk dom over
levande og daude på båe sider i striden. Det ville riva å slita avisa i
filler heilt fram til det kom ein ny eksplosjon om tre månader, eit halvt år
eller to år.

Det kan skjerast gjennom på to måtar: anten ved å tilsetja ein mann som står
for Allern/Bjerke lina eller Michelet. Det fyrste valet vil
kanhenda berga avisa men ikkje føremålet. Det andre valet vil kanskje gjera
det vanskelegare å berga avisa (på grunn av alt dette McCarthytøvet
som no er spreidd til kreti og pleti). Men det vil vera mogeleg - og det vil
dessutan gjera det mogeleg å føra diskusjonar som vil tilmåta avisa til
føremålsparagrafen.

Støtt Michelet!

Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41