lesestoff om kk-striden

Olve Steinset (olves@online.no)
Tue, 23 Sep 1997 14:57:23 +0200

"Kameleonar - en familie av øgle med mange arter. Dei forandrar farge alt
etter belysninga sin intensitet, påverknad av psykiske faktorar m.m.." -
ja, det står så i eit leksikon. For nokre år sidan forundra eg meg så pass
over at kameleonar vert nytta som metaforet, brukt i politiske
karakteristikkar, at eg begynte å lese litt om dei - eit ynskje om å forstå
metaforet betre. Sjølv om karakteristikkar av denne sorten ikkje kan seiast
å høyre til på den mest objektive og saklege sida i ein politisk debatt -
er dei likevel ofte svært så nær sanninga.

Nei, orsak! - eg skuldar vel deg, som lesar, ei forklaring på kvifor eg
opnar dette innlegget på denne måten. Vel, det hadde seg slik at eg ville
forvisse meg om at ingen, i min nære omgangskrets, hadde forvilla seg til å
skrive under på oppropet til støtte for redaksjonen i Klassekampen. Heile 5
sider mata skrivaren min ut, og etter ei tid kunne eg trekke eit lettande
sukk - der var ingen eg kjende. Berre eit bilete hang att på netthinna mi -
kameleonar.

Underleg kva? - eller er det verkeleg det? Etter nøyare gjennomtenking kjem
eg til at er der nokon stad dette metaforet med rette kan brukast, ja så må
det vere i karakterisering av denne lista si samansetning. Her er det ei
herleg blanding av ymse politiske fargar blanda saman i ei useieleg suppe.
Berre ein ting kan foreine dei, om ein held fast på metaforet, den psykiske
påverknaden AKP-spøkelset fører med seg - dette forferdeleg udemokratiske
gufset. Nokon genuin interesse for, eller brennande vilje til å bevare
Klassekampen som ei avis i tråd med avisas eigen formålsparagraf kan det i
alle fall ikkje vere.

Så pass har eg fått med meg gjennom debatten den siste veka at her er det
heilt OK å være paranoid, schizofren eller vere i ein annan psykisk
tilstand, som kan gjere livet verdt å leve. Slapp heilt av, diagnosen din
får du ved å vende deg til redaksjonsklubben i Klassekampen i form av eit
debatt innlegg - ja, du må passe på at innlegget støttar AKP sine juridiske
rettar til å delta i styret for avisa Klassekampen, og at representantane i
styret skal ha rett til å handle i tråd med si eiga oppfatning. For det er
nemleg uetisk og umoralsk maktarroganse og forsøk på kupp når det er
medlemmar av AKP som gjer slikt - elles ikkje, då er det berre ein
sjølvsagt rett alle har i eit demokrati. Eg er ikkje heilt sikker, men eg
trur det er slik, det vert i alle fall noko meir logikk då, at medlemmer av
AKP berre er assosierte borgarar av det norske samfunnet utan fulle
juridiske rettar - det er dette medlemmer av AKP ikkje har fått med seg, er
det ikkje slik direktør Heger i Cappelen? Jaggu bra eg kom meg ut i tide!!

Dette innlegget er reinska for all sakleg argumentasjon - for på den måten
å kunne passe inn i den dagsorden som er. Eg har ei von om at dei som sloss
med nebb og klør for å få fjerna formålsparagrafen i Klassekampen no kan
våge å stå opent fram og argumentere sakleg for det - i staden for å prate
tull om redaktørplakaten!

Olve Steinset