Re: Redaksjonsklubben tek over KK?

Magnus Marsdal (marsdal@feskar.net)
Tue, 23 Sep 1997 11:08:03 +0000

> Problemet med KK var nettopp å bryte opp denne typen fortrengningsadferd.
> AKP hadde en unik mulighet til å få satt i gang denne diskusjonen. Det hadde
> tjent dem til all ære, det hadde vært skikkelig maoisme

Eg er 100% samd med ekeland, dahle, og andre som har etterlyst "stor
diskusjon" i staden for administrative maktgrep og konspirativ
maktkamp om KK. Det ville vore betre om AKP kunne skifta redaktør
gjenom ein slik prosess.

MEN:

AKP hadde slett ikkje nokon unik sjanse til dette. Kvar gang AKP
opnar kjeften om innhaldet i KK blir dei møtt med hysteriske
påstandar om "eigarinnblanding" og denslags. Om AKP set spørsmål med
store eller bittesmå ting er svaret "Da får de skaffa dykk ny
redaktør, her gjeld redaktørplakaten..."

Eg skulle gjerne sett Ekeland ved AKP-roret i denne situasjonen, der
krava til finslepen taktikk for å få endra noko som helst er
skyhøge, ikkje minst fordi motspelarane (Allern, Nærstad, Bjerke)
heile tida har rådd over eit kraftfult medium til bruk i striden. Eg
trur ikkje Ekeland ville fiksa det med mindre bråk.

OG: Det ER IKKJE AKP-folka som valte å setja igang striden midt under
valkampinnspurten, det var ikkje dei som truga med aksjonar like før
valdagen! Det er ikkje eigarane som har skapt alt bråket, sjølv om
dei skulle dratt heim til Bjerke personleg for å sikra at han var
prata med før ein snakka med potensielle redaktørar. Tvert imot: Det
er redaksjonen (som forståeleg nok blir fly forbanna etter at dei
fyrst har gått på krigspropagandaen om "menighetsblad" og alt dette,
eg ville og streika mot AKP-diktat i KK, ver sikker), Bjerke og
Allern som i ein pillråtten allianse med venstresidas fiendar har
laga bråket.

Anders ekeland bør tenkja gjenom desse tinga. Det er greit å hevda
(og mykje sant i) at AKP er ein anakronisme. Men AKP er faen ikkje
meir anakronistisk enn den slags forblinda anti-AKP som Ekeland står
for.

Anders: Trur du verkeleg våpenbror Trond Andresen har gjort knefall
for kynisk AKP-manipulasjon?

Mingus, litt oppgitt, sjø

--- P t o t h e P ---