AKP og KK

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Mon, 22 Sep 1997 10:50:09 +0200

Anders Ekeland spør meg om eg trur at det AKP no har gjort var den einaste
måten å få gjort noko med KK på, og om det ikkje hadde
vore betre å få mobilisert lesarane til å pressa gjennom ymse korrigeringar.

Eg er nok samd i at det beste hadde vore å få til ei lesarmobilisering -
sjølv om eg nok er usamd i at at ei eller anna form for "lesardemokrati" der
lesarane i NHO, LO-toppen, regjeringa, redaksjonane i Akersgata, forlaga,
partileidingane, leidingane i storkonserna
og den ålmenne sjølvutnemnde kultureliten skal ha like mykje å seia som
andre lesarar. Avisa har ein føremålsparagraf som svært mange
lesarar er usamde i (eg reknar til dømes med at Anne Enger Lahnstein, Roy
Jacobsen og Ida Lou Larsen ikkje reknar seg som revolusjonære
sosialistar). Synsmåtane deira kan difor aldri verta meir enn interessante,
verd å tenkja over - aldri tungtvegande.

Men med dette atterhaldet. Det hadde vore flott med lesarmobilisering for
kursjustering av KK. Problemet er at det føreset ein grad av
voluntarisme frå kritikarar eller kritiske lesarar som føler seg sterkt
overkøyrd av KK gjennom fleire år som det ikkje er realistisk
å rekna med. Dersom du kjenner deg overhøyrd, oversett eller til og med
låtteleggjort og trakassert i langt tid på grunnlag av
tidlegare kritiske pip - so gjev dei fleste opp. Eg må berre vedgå at eg
sjølv langt på veg hadde gjort det. Kanskje er det eit uttrykk
for for at eg trivst for godt i den småborgarlege sofaen min, kanskje er det
fordi eg har reflektert for lite over kva KK faktisk
kan tyda for meg sjølve og andre. Eg er open for slike vurderingar. Poenget
er likevel at svært mange noverande og tidlegare lesarar
som er sterke og klåre i kritikken sin av KK ikkje vil la seg mobilisera
føre dei ser at "det skjer noko". Difor var AKP denne gongen
ein lykill til å vekkja kritikarar som både var langt utanfor partiet sjølv
og som meir eller mindre hadde gjeve opp avisa. Eg reknar med
at Ekeland gjerne vil ha slike lesarar att som lesarar og/eller
støttespelarar for avisa.

Eg var ein av initiativtakarane til eit opprop frå målaktivistar for styret
i KK (stod som lysing på laurdag). Difor tala eg med mange
av underskrivarane. Det var gjort på ein liten kveld, og det var ikkje
naudsynleg å driva med overtyding og ordskifte - samnemnaren er
at folk er forbanna på kursen KK har vald, ein annan samnemnar var at mest
alle hadde gjeve opp KK. No ser dei at noko har skjedd - kvifor:
fordi styrefleirtalet viste at dei ikkje la seg flate. Med det oppropet som
no har kome til støtte for redaksjonsklubben tippar eg at langt fleire i dei
same krinsane (som me ikkje nådde denne kvelden) godt kan tenkja seg å stø
Michelet som redaktør. No manglar det berre at redaksjonsklubben kjem
dragande med investeringsviljuge kapitalistar som vil skyta inn pengar "på
visse vilkår" og ein redaktør med røynsle frå Akersgata og med andlet kjend
på ryktebørsen som er viljug til å administrera ei avis frikopla frå den
politiske føremålsparagrafen ho no har.

Med det oppropet som no har kome til støtte for redaksjonsklubben tippar eg
at langt fleire i dei same krinsane (som me ikkje nådde denne kvelden) godt
kan tenkja seg å stø Michelet som redaktør. No manglar det berre at
redaksjonsklubben kjem dragande med investeringsviljuge
kapitalistar som vil skyta inn pengar "på visse vilkår" og ein redaktør med
røynsle frå Akersgata og med andlet kjend på ryktebørsen som er viljug til å
administrera ei avis frikopla frå den politiske føremålsparagrafen ho no har.

Sjølv var eg ein av dei som heilt til det siste har trudd at AKP var for
feige og ryggradslause til å rydda opp med KK. Eg tok i miss, og er svært
glad for det. Dersom AKP framleis har medlemer som ikkje sit i
sentralstyret, KK-styret eller skriv i utanriksredaksjonen i KK vil eg for
min del heller tru at denne opprydinga vil fungera som vervekampanje for
dei. For dette ser nemleg litt annleis ut dersom ein ikkje synst
at det viktigaste i verda er å tukta AKP og dersom ein har ein ståstad
utanfor kultur- og mediaeliten.

Me kan sjølvsagt ha svært so ulike syn på om det er godt eller dårleg med
vervekampanje for AKP - men her må me skilja mellom ulike ordskifte: Det er
ikkje organisering på den sokalla venstresida me diskuterer no. No er det
avisa KK. Anders Ekeland har meint at kritikken av den redaksjonelle lina
langt på veg (iallfall mange delar av den) har vore rettkome. Var det ikkje
meir konstruktivt om du no konstaterte at det ser ut til at ei slik
kursjustering kjem, og at du istaden kastar deg inn i ordskiftet om kursen
frametter? Kva med å tenkja litt meir politisk
på dette? So får du sjansen til å nagla AKP so mykje du vil dersom det syner
seg i praksis at dei vil driva avisa som megafon for partiet. Då skal du i
tilfelle få full støtte frå meg.

Personleg har eg opplevd at til og med Høgre og Arbeidarpartiet i visse
saker har halde det dei har lova, då kunne kanskje Ekeland og andre
reflektera over at det i teorien (og kanskje til og med i praksis) finst
visse sjansar for at AKP og kan vera i stand til å gjera det.

Med helsing

Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41