Kampen om Klassekampen

Ottar Solberg (ottsolbe@online.no)
Sat, 20 Sep 1997 15:55:14 +0200

Det er mange som i den diskusjonen som har vore om Klassekampen i lang tid
no, som har hevda at Klassekampen er deira avis. Og det er rett, det er
svæt mange som med god grunn kan seie det.
Ein skal vel leite lenge etter ei avis som er så kollektivt eigd som
Klassekampen. Klassekampen har vore på mange måtar den avisa aktivistar
på venstresida har hatt bruk for.
Men ei slik avis varer ikke evig av seg sjølv. Aktivistane må kjempe om å
ha ei slik avis. Det som det kjempast om no er om Klassekampen skal halde
fram med å være ei slik kollektivt eigd avis for store deler av
venstresida,
eller om dei skal miste den.
Det redaksjonsklubben i Klassekampen no kjemper for er å ta avisa frå
aktivistane, for å gjære den til redaksjonen si avis.
Dei vil ta over og lage eit produkt dei kan selje til venstresida. Det er
noko heilt anna enn å lage ei avis på oppdrag frå venstresida, ei avis som
er venstresida si som ein del av venstresida sitt arbeid for å endre
samfunnet.

Kampen er ikkje ein kamp om demokrati, yttringsfridom, redaktørplakat,
ikkje ein kamp om ei presseprosjekt. Det er ein kamp frå venstresida mot
at ei lita gruppe stel eit viktig verktøy for venstresida i den politiske
kampen.

Dette er ein kamp som har gått lenge. Eg er glad for at det noe endeleg er
gjort noko som kan føre oss over til å starte arbeidet med å føre avisa
Klassekampen anntende til aktivistane.
Paul Bjerke har tydeleg vist at han ikkje vil være med på det.
Eg er gald for at Jon Michelet har sagt seg viljug til å ta sin del av
dette arbeidt ved å gå inn som redaktør.

Ottar Solberg