Ny vending i KK-saka

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Sat, 20 Sep 1997 14:18:55 +0200

Det siste innlegget mitt på KK-forum skreiv eg føre eg vart kjend med
Nettavisen sin oppslag "Kompromiss
i Klassekampen". Utlysing av redaktørstillinga med søknadsfrist 29.
september med Carsten Thomassen som mellombels
redaktør og Bjerke oppsagt (tok ikkje imot tilbodet om omplassering) ser ut
til å vera hovudinnhaldet.

Klubben v/Tranøy har visstnok sagt seg nøgd med denne løysinga. Det eg lurer
på er om desse styrevedtaka var
samrøystes - kan nokon frå styret seia noko om dette?

Dersom dette er tilfelle vil eg seia at saka står nærmare ei lukkeleg
løysing enn eg våga å tru.

Elles sluttar eg meg til Svein Lund sine idear om ein stor KK-konferanse og
dessutan til kritikken hans av
Anders Ekeland sine idear om KK som eit RV + SV-prosjekt. Det ville vera
dauden på boks. Eg har notert meg at
mange kulturradikale og SVarar har markert seg på redaksjonsklubben si side
(opprop) - derimot er tagnaden
i slike krinsar nærmast øyredøyvande over at Finnmark SV fekk innvald ein
tingmann på eit antisamisk program.
Dette er absolutt ikkje eit innlegg for at alle SVarar difor er like
reaksjonære som denne representanten - men
derimot eit innlegg for at dette seier noko om kultur- og
hovudstadsradikalismen i Noreg - og at det ikkje er
denne Klassekampen bør har som fundament. Mange SVarar er difor heilt flott
å ha med på prosjekt KK - men PARTIET SV
er heilt håplaust.

Med helsing
Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41