JA_TIL_REDAKTØRSKIFTE

Svein Lund (sveilund@online.no)
Sat, 20 Sep 1997 13:17:57 +0200 (MET DST)

JA TIL KONFERANSE, JA TIL REDAKTØRSKIFTE!

For ei veke sidan skreiv eg eit innlegg på KK-forum under tittelen "Stå
saman om avisa". Dette blei og sendt til redaktøren og styreleiaren, men
ingen av dei ser dessverre ut til å ha lukta på tanken om eit kompromiss.
Paul Bjerke er framleis ikkje villig til å gi noko signal om at avisa for
framtida bør bry seg meir om ka lesarane meiner. AKP har på si side gjort
vondt verre med å la motkandidaten bli lansert på TV før sittande redaktør
var informert.

Klassekampen si maoistiske fortid blir i dag framstilt som ei
skrekkhistorie, og det kunne nok vere litt av kvart å sette fingeren på. Men
eit av dei viktigaste prinsippa frå Mao Zedong blei dessverre kasta ut med
badevatnet: "Frå massane - til massane". Samme Mao sa noko om at det er
massane som er dei virkelige heltane. Uavhengig av ka ein ellers måtte meine
om maoismen, vil eg hardnakka hevde at her hadde han rett.

Anders Ekeland har i eit innlegg 19.9. eit interessant forslag som alle
partar i saka bør ta opp: Han seier AKP burde laga ein konstruktiv
konferanse om Klassekampen. Dette er eg heilt samd i, det burde har vore
arrangert ein stor konferanse om Klassekampen for lenge sidan, og
forhåpentligvis er det enno ikkje for seint. Avisa si innretning og innhald
må vere hovudsaka. Denne bør vere starten på ein aksjon for å få inn meir
pengar til avisa, men først må vi trulig skaffe pengar til konferansen. Men
eg trur ikkje AKP bør vere einearrangør. No bør ei forsøke å få alle partar
med på ein slik konferanse, der det først blir høve til å stille spørsmål og
kreve svar både frå styret og redaksjonen, og der ein deretter diskuterer
konstruktive tiltak for å gjøre avisa bedre. Men denne må ha reisefordeling,
vi vil ikkje ha nokon konferanse for Austlandet.

Kem er vanstresida?
Deriomot har Anders Ekeland servert eit anna forslag som vil vere døden for
Klassekampen som progressiv avis, og for progressive krefter i Noreg.
Det er å gjøre Klassekampen til kombinert organ for RV og SV, samtidig som
ein arbeider for å slå saman disse partia. Når ein ser på SV si høgredreiing
og overkjøring av eigen sosialistiske opposisjon, ser ein raskt kor dette
ville ende: Som ei rein SV-avis, eit organ for eit parti som på mange vis
står til høgre for Senterpartiet. I dag mobiliserer Bjerke & Co den samme
SV-leiinga til støtte for sitt syn. Er her nokon samanhang?
Klassekampen skal vere venstresida si avis. Men venstresida er ikkje lik
RV+SV. Venstresida finn vi i første rekke i progressive fagforeningar /
fagopposisjon, i miljørørsla, solidaritetsrørsler, samiske organisasjonar,
målrørsla, blant kulturarbeidarar, bønder, fiskarar, bebuarforeningar og
andre som reiser seg til, ja nettopp: Klassekamp.

Konklusjon:
1. Arranger ein stor konferanse om Klassekampen.
2. Paul Bjerke har no endelig avvist alle tankar om kommunikasjon med
lesarane. Derofr har han utspela rolla si og må gå for at avisa kan bli
bedre. Jon Michelet kan vere eit godt alternativ, men han bør snarast komme
ut med sitt syn på kordan han ønsker forholdet mellom avisa og lesarane.