Opprop for Klassekampen og Michelet

Håkon_Kolmannskog (haakon@mail.feskar.net)
Fri, 19 Sep 1997 13:00:27 +0000

Denne teksten er rykka inn som lysing i laurdagsnummeret av
Klassekampen. Lysingssjefen har lova at lysinga skal koma i avisa i
morgon (laurdag).

Me oppmodar alle KK-vener om å starta liknande arbeid. Me er
overvelda over den positive responsen me har fått.Eg har nettopp
meldt inn desse som nye/"heimkomne" tingarar av avisa.

Det er no mange som IKKJE er organisert i noko parti som ser at det
endeleg skjer noko med avisa, og er viljuge til å ta i både eitt og
to tak for avisa.

Stå på alle KK-vener!

"Opprop for Klassekampen
Me som står bak dette oppropet har alle bakgrunn som aktivstar i
målrørsla. Me har alle hatt eit tilhøve til Klassekampen, men har på
ulike tidspunkt byrja gjeva opp avisa. Avisa har dei siste åra ikkje
greidd å fylgja opp det som skjer i Noreg utanom Oslo-gryta. Ho har i
hovudsak vore uinteressert i det friviljuge, folkelege kulturlivet -
med eit par heiderlege unnatak. Og ho har mellom anna vore
språkpolitisk medvitslaus. Medan nasjonale rørsler og nasjonalisme har
vore sjølve temaet i europeisk politikk det siste tiåret, har avisa
vore uinteressert i dei miljøa som har ført diskusjonar og utvikla
politikk kring dette.

I lengda har resultatet vorte ei uinteressant avis. Me tolkar skiftet
av redaktør som ein freistnad frå styret på å ta tak i dette. Det
synest me er gledeleg. Me er difor viljuge til å gjeva avisa ein ny
sjanse, og byrja tinga avisa/verva nye tingarar/selja henne og elles
gjera ein innsats der det trengst.

Me oppmodar andre miljø kring avisa til å nytta høvet til å gjeva ho
eit naudsynt løft!

Hans Olav Brendberg
Hild Estenstad
Trond Sæbø
Roar Madsen
Oddmund Hoel
Eli Bjørhusdal
Inger Helen Midtgaard
Viviann Kjøpstad
Remi Moen
Inge Bjørnsvik
Einar Måseide
Frode Martinsen Heien
Gunleiv Hadland
Lise Kvande
Øyvind Thommasen
Åsmund Ormset
Ingar Arnøy
Lars Mamen
Kari Øverby
Marit Fjordheim
Aslak Fjermedal
Filip Stokkeland
Eldfrid Rongevær
Bård Eskeland
Sjur Nørstebø Moshagen
Hege Myklebust
Ingvild Måseide
Ragnhild Bjørge
Magnus Bernhardsen
Vidar Lund"

haakon@feskar.net
Tlf: 22 36 40 43 (a)
92 84 83 60 (mob)
22 36 40 68 (faks)