Uopplyst treng informasjon

Olve Steinset (olves@online.no)
Fri, 19 Sep 1997 12:56:25 +0200

Paul Bjerke
Du skal ha takk! for du har klart å få meg FORBANNA!!
Eg vil og takke deg fordi denne forbannelsen fører meg attende,
attende til noko i meg, som er mei enn ein pragmatisk ståstad i livet.
Attende til viljen om å sloss for ei avis, ei rørsle som eg ein gong var
med på å skape. Ein vilje som fekk meg til å bruke dager, kvelder, netter,
uker og år av mitt liv til gratis dugnadsinnsats. Ein vilje som fekk meg
til å ta ut hardt oppsparte midler og gje dei bort til avisa - vi sloss for
ei dagsavis! Ei dagsavis som ville avsløre og fortelle om uretten, om folks
kamp, om undertrykking, om dei urettvise skildnadane - ja, eit talerør for
venstresida i noreg.
Det er rett, for nokre år sidan hadde eg ikkje meir å gje - eg var trøtt,
sliten og desillusjonert. Rett skal være rett - eg fekk hug til eit betre
materielt liv, tid til familie og venner, dyrke mine hobbyer - jakt og
fiske, klatring etc..
Nei! - eg er ingen helt - heller ikkje nokon nostalgiker, som ikkje ønsker
eller vil at verden skal endrast. Eg er ein av dei som verkeleg meiner at
det trengs ei avis i dette landet som er meir enn eit talerør for AKP, RU
og RV. Ei avis som kan ta opp i seg alle dei positive strømningane som er
på venstresida i norsk politisk kvardag.
Derfor kammerat kan eg ikkje støtte deg som redaktør for ei slik avis,
ikkje fordi du meiner det du gjer, eller at du ikkje skulle være fagleg
dyktig nok - det veit eg ikkje noko om. Når eg ikkje ynskjer deg i redaktør
stolen er det fordi du handler slik du no gjer, den praksis du legg for
dagen! Beklager kammerat, men avisa Klassekampen hadde aldri sett dagens
lys utan hardt arbeidande medlemmer av AKP, den hadde heller aldri opplevd
ungdomstida utan den oppseding partiet AKP med sine medlemmer har stått
for. Som vaksen blir ein fattig om ein vil fornekte sine røtter. Så sjølv
om det er freistande, forlokkande og smigrande med støtte frå leder og
nestleder i SV, såkalte venstreradikale leiande skikkelser i DNA og
prominente figurer innan det kulturelle noreg - skal ein vokte seg. Det lar
seg ikkje benekte, eg kan hugse då dei same kreftene ynskte denne avisa dit
pepparen gror og enda lenger vekk!!
Ikkje missforstå, eg ynskjer ikkje det same for dei no - tvert om, det er
gledeleg at dei vil støtte, hvis det er avisa dei vil støtte og ikkje din
kamp mot AKP. Eg ynskjer dei velkommen til å styrke Klassekampen! Ynskjer
dei det lyt dei og akseptere avisas historiske røtter, AKP og andre
ildsjeler. Berre dersom ikkje målet, med ei partipolitisk uavhengig avis på
venstresida, er å ta knekken på opphavet vil ein kunne lykkast med dette.
Det er i dette bilete du ikkje står til truande kammerat. La Klassekampen
leve, legg ned striden din - den tjener ikkje deg, ikkje Klassekampen og
aller minst norsk venstreside!!

MHH Olve