Le Lun, 05 Fév 2001 19:02:07 +0100
Karsten Johansen <kvjohans@online.no> a écrit:
> Norge er til tider et særdeles underlig land. Ser man for tida under "ledige
> stillinger" vil man se at det flommer av ledige jobber i sykepleie- og
> hjelpepleie-sektoren, og slik har det vært lenge. Høyt og lavt i Norge
> klages det over mangel på arbeidskraft. (...) Saken er nok at man vil ha inn
> fler på markedet for å få fler arbeidsløse og kunne senke lønningene. Uansett:
> det meste av det vi støter på i offentligheten er etterhvert meget tvilsomt
> for ikke å si loddrett løgn. Det er ikke det man venter skal karakterisere
> et demokratisk samfunn.
>
> ....... Det meste av det som sies i
> norsk offentlighet står ikke til troende. Det gjelder også det voldsomme og
> plutselige "engasjementet" mot fremmedfientlighet hos en del. Og det gjelder
> ikke minst arbeidsgiverne og mediebanden. Her er det snakk om skuebrød.
Ja, alle dei store talane nyleg har sjølvsagt ikkje forandra noko som helst i
høve til framandhat og diskriminering. Dei som er råka av denne farsotten, blir
framleis råka. Dei som var mot det, er framleis mot. Dei andre, den tause
majoriteten, ventar på at det går over. Den einaste forskjellen måtte vera at
fleire av desse no er blitt "antirasistar" for ei stund.
Ser ein godt etter, finn ein alt att dei vanlege koplingane mellom innvandring
og kriminalitet. Presse og kringkasting er like ofte mikrofonstativ for Frp som
før, kanskje oftare? Ein let let Hagen, Hedstrøm, Kleppe og dei andre kaste seg
over "nazisvina", og leggje ut om kor framifrå "nazijegarar" dei er.
Når ein gjer rasistar til antirasistar, blir alt snakk om rasisme berre tomme
ord, ei ny linje på lista over synder som det protestantiske mennesket må
slite med. Arvesynda gjer dette slitet bortimot fåfengt, og då er det betre å
vente på at alt roar seg att. På at ein slepp å få slengt denne lista i fleisen
kvar einaste dag. Til helsike med "syndene", tenkjer mange i si verdslege verd,
medan framandhatet blomstrar i bakgrunnen, og medan dei ventar på Carli H - den
reddande messias som skal få nasjonen på skinnene att.
"Nå må vi rydde opp". "Vi vil slå ned på volden". "Vi må opprette flere
fengsler", ("det finnes nok av egnede bygninger"). "Vi vil arbeide for
fremskritt og sikkerhet".
I skuggen av dette står Ap-statsministeren fram og spelar med orda i det gamle
kongemottoet, som blir til "Norge for alle", Dette er inga bragd, ikkje teikn på
nye tankar. Det ville ha vore "politisk" sjølvmord å ikkje stille seg i spissen
for den spontane rørsla som oppstod etter at "det utenkelige" skjedde.
Likevel klarer ikkje AP-staten å markere seg meir handfast i høve til "dei
andre". Regjeringskontor og departement er så godt som ribba for
"førstegenerasjonsnordmenn". AP-verda er ei kvit verd, med nokre få unntak -
alibi i lokalpolitikken.
Dei klarer ikkje ein gong å bli kvitt dei tydelegaste teikna på avstanden mellom
liv og lære. Ein skulle tru at dei i det minste freista å fylgje opp dei fagre
orda, slik at dei mest synlege sakene forsvann frå avisspaltene. Men nei,
regelverket er nok for "komplisert" - desse magiske trylleformlane som styrer
livet til undersåttane, og som gjer at "politikarane" kan snakke seg ut på
viddene kvar gong dei blir konfronterte med ansvaret for det som skjer.
Slik lever framleis Islam-familien i Bergen i uvissa, etter at
Utlendingsdirektoratet avviste søknaden om opphaldsløyve:
http://www.bergens-tidende.no/vis.html?id=124175
Slik må den rumenske Sintef-forskaren Calin Daniel Marioara ut, i følgje
det same Utlendingsdirektoratet (les Utvisingsdirektoratet):
http://www.adressa.no/nyheter/midtnorge/trondheim/article.jhtml?articleID=155411
Kva med alle dei som plumpt blir jaga ut bakdøra, og som attpåtil må betale
billetten sjølve? (Slik gjerrig praksis eksisterer sjølv ikkje i det
paternalistiske og koloniale Frankrike.)
> Som Niels Christie sa i et intervju i radiop2 i går: dette samfunnet er en
> nesten totalitær monolitt, hvor bare een ting teller: penger. Jeg vil si det
> sterkere: noe mer totalitært enn dagens tilstand har aldri eksistert i Norge
> og den øvrige verden. Heller ikke noe mer bevisstløst og faretruende. Når
> man hører tonen hos en del "antirasisme" og hvordan man samtidig legger ut
> om "Eminem"s fantastiske kvaliteter osv. er det opplagt at den tyske
> forfatteren Carl Amery som advarer om at kanskje "Hitler kun var
> begynnelsen" er langt nærmere sannheten enn alle de kalde drittsekkene som
> fyller offentligheten. Zygmunt Bauman var inne på det samme i ovennevnte
> p2-program: dette "samfunn" er mer kaldt enn noe som noengang før har
> eksistert. Man kunne tilføye: og mer både løgnaktig, enøyd og kortsynt.
> Konsekvensene vil ikke utebli.
Eg har sagt det tidlegare: Det finst fleire enkeltpersonar i Noreg med
interessante idéar, folk som er opptekne av fundamentale spørsmål. Men kvifor
blir det stumt når ein freistar å få i gang debattar om dette? Kvifor fenger
"moderne tema" mykje meir? Motedebattar om "nettsamfunnet", "ny teknologi", "ny
økonomi", osb? (Nett no fenger visst ingenting...)
Kvifor har det ikkje blitt nokon debatt om nyfascismen og korleis ein skal møte
denne? Sjølv spede forsøk på analysar av situasjonen fell på steingrunn. Sjølv
noko så aktuelt i norsk politisk liv som korleis ein skal møte nynazismen og
Frp-offensiven, kjem i bakgrunnen for ei etterkvart banal sak som:
"Utarmet uran er ikke hva det synes" (eg meiner ikkje at dette er ei
uinteressant og uviktig sak, men det er då i himmelens namn ikkje det mest
sentrale spørsmålet!) Det finst enda verre døme på "debattar" i det blå som
fenger, men eg hoppar over dei no.
Kva med debatten om kampen mot globaliseringa (denne er ein del av kampen mot
nyfascismen)? Om det blir nokon debatt i det heile teke, endar det alltid opp i
eit hjørne, der ein anten må vera "for" eller "mot" EU, "for" eller "mot"
nasjonalstaten, osb.
Alt dette er parodiar på politisk debatt, men det er kanskje ikkje anna å vente
i eit land der visinga av ein heilt uskuldig 25 år gamal japansk film også blir
debattema, og ei "kulturhending" utanom det vanlege...
Oddmund Garvik
______________________________________________________________________________
ifrance.com, l'email gratuit le plus complet de l'Internet !
vos emails depuis un navigateur, en POP3, sur Minitel, sur le WAP...
http://www.ifrance.com/_reloc/email.emailif
This archive was generated by hypermail 2b29 : Mon Feb 05 2001 - 22:26:22 MET