et folkemord USA/NATO aldri snakker om

From: Karsten Johansen (kvjohans@online.no)
Date: Fri Jan 05 2001 - 19:53:41 MET


God artikkel fra Dag og Tid.

Karsten Johansen

http://www.dagogtid.no/arkiv/2001/01/pilger

Dag og Tid nr. 1, torsdag 4. januar 2001

John Pilger: “Både Bush og Gore hadde støtte frå krigsindustrien som
dominerer våpenhandelen i verda”

Jakarta: Her om dagen tok ein indonesisk ven meg med til den gamle
barneskulen sin. Her vart læraren hans slått i hel i oktober 1965, mistenkt
for å vere kommunist. Drapet var typisk for nedslaktinga av meir enn ein
million menneske: Lærarar, studentar, offentlege tenestemenn, bønder. CIA
skildra dette som “eit av dei verste massemorda i det 20. hundreåret”, eit
massemord som brakte diktatoren Soeharto til makta – Vestens mann. Innan eit
år etter blodbadet var den indonesiske økonomien omskapt frå Amerika, og
vestleg kapital fekk tilgang til enorme mineralrikdommar, nye marknader og
billeg arbeidskraft. Først i ettertid har det kome fram i kva grad
amerikanske tenestemenn utforma blodbadet.

I 1990 avslørte den undersøkande journalisten Kathy Kadane at amerikanske
tenestemenn i Jakarta systematisk skreiv lister over tusenvis av kommunistar
og andre motstandarar av det indonesiske militærvesenet, og gav desse vidare
til generalane til Soeharto. Seinare kryssa dei ut namna til dei som var
drepne. Ralph McGehee, ein erfaren operasjonsoffiser for CIA, har skildra
massakren som ein “mønsteroperasjon”.

Denne “mønsteroperasjonen” vart repetert i Chile i 1972. “Uroa av CIA sin
motvilje mot å gripe inn mot (den valde presidenten) Allende”, skreiv
McGehee, “forfalska CIA eit dokument som gav seg ut for å avsløre eit
komplott frå venstresida, med planar om å myrde chilenske militærleiarar.
Oppdaginga av dette ‘komplottet’ fekk store oppslag i media, og Allende vart
styrta og myrda. Det liknar på det som skjedde i Indonesia i 1965.” McGehee
skriv at dei indonesiske massakrane også var modellen for “Operasjon
Phoenix” i Vietnam, der USA-styrte dødsskvadronar drap opptil 50.000 menneske.

Andre “mønsteroperasjonar” vart utførte i Latin-Amerika. Den mest vellukka
av desse var oppbygginga av Contras, basert i Honduras. Dødsskvadronane
deira førte ein “hemmeleg krig” mot den reformistiske sandinistregjeringa i
Nicaragua, etter at sandinistane hadde vunne i demokratiske val. Contras var
trente og finansierte av CIA, og spesialiteten deira var å kutte strupane på
jordmødrer, språklærarar og alle andre som prøvde å betre levekåra til
campesinos (bønder).

Fellestrekket ved desse og andre intervensjonar rundt i verda er ein
uerklært krig, ein krig mot demokratiet og mot folkelege rørsler som
motkjempar eller avgrensar den strategiske og økonomiske makta til USA.
Etter å ha arbeidd som journalist ved ei rekkje av desse frontlinene, har eg
tenkt på denne krigen medan eg har sett på den utrøyttelege
fjernsynsdekkinga av absurditetane kring presidentvalet i USA. Her ein kveld
sa ein journalist: “Framfor alt er USA ein nasjon vigd til lov og rett.”
Dette er den tildekkande historia til media. Som motgift tilrår eg artiklane
til Observer-journalisten Greg Palast, som er tilgjengelege på internettet
(www.gregpalast.com). Han skildrar korleis delstatsregjeringa i Florida
nytta eit privat selskap til å “reinske ut” namn frå listene over
registrerte veljarar. Frå ei liste på 173.000 namn vart 58.000 erklærte som
ukvalifiserte til å røyste. Grunnane varierte frå “kan vere avdød” til
“moglege lovbrytarar”. Fleirtalet av dei utreinska er svarte og andre
ikkje-kvite.

Florida er ikkje åleine, det er andre statar som er like korrupte, og
presidentvalet er i seg sjølv det mest korrupte av alt. Om ikkje ein
kandidat har titals millionar dollar og støtte frå tunge
næringslivsinteresser, kan han berre gløyme det. Både Bush og Gore hadde
støtte frå krigsindustrien som dominerer våpenhandelen i verda, industrien
som har sikra at soehartoane og pinochetane får midla dei treng til å
undertrykke folka sine. Det kan nok ha vore politiske nyansar og
trivialitetar som skilde Bush og Gore. Men på valdagen var ikkje desse
skilnadene moglege å sjå for nesten halvparten av dei registrerte veljarane,
for ikkje å nemne dei millionane med amerikanarar som ikkje eingong
registrerer seg. Dei hadde betre ting å ta seg til enn å røyste.

I avslørande tider som desse, blir amerikanarane mata med pompøs mystisisme
om kor ærverdige institusjonar dei har, og korleis USA oppfann demokratiet.
“Mytane om eit demokrati er ikkje illusjonar”, skreiv David Shipler i New
York Times. “Dei kan vere ein del av sanninga, eller utbroderingar av ein
indre røyndom i trua som ligg i kulturen. (sic) Men para med fridomen til å
eksponere landet sine feil, har mytane makt fordi dei feirar dei kraftfulle
ideane om at regjeringa tilhøyrer folket, at det å røyste er ein universell
rett, at alle borgarar er like, at folket blir styrt etter lov og rett, at
synspunkta til mindretalet blir verna same kor avskyelege dei er for
fleirtalet (...) Dei amerikanske mytane har vore vanskelege å forklare i
andre land der eg har budd, fordi vitaliteten til mytane avheng av (...)
forståinga vår av systemet vårt som eit moralsk prosjekt.”

Pravda brukte å publisere liknande skvalder.

Det er interessant å samanlikne dette med innhaldet i ei oppsiktsvekkjande
bok som nyleg kom ut, Blowback. The Cost and Consequences of American Empire
(Metropolitan Books). Forfattaren heiter Chalmers Johnson, eit berømt,
konservativt namn i det akademiske livet i USA. Han er professor emeritus i
statsvitskap ved Universitetet i California. Som professor i austasiatiske
studiar i Berkeley på sekstitalet støtta Johnson den amerikanske krigen i
Vietnam, og avskreiv motstandarane av krigen som nytingssjuke. Det seinare
arbeidet hans overtydde han ikkje berre om at han tok feil, men om at
amerikansk utanrikspolitikk ikkje hadde endra seg sidan Vietnam, og er
potensielt farlegare enn nokon gong.

I Blowback skriv Johnson: “Eg innsåg ikkje at forskinga mi skulle lede meg
til å sjå klårt for første gong fasongen på det imperiet eg så lenge hadde
støtta ukritisk.” Han definerer imperiet som politiske framgangsmåtar som
“normalt ligg under eit ideologisk eller rettsleg konsept (som) ‘den frie
verda’ og ‘Vesten’, og tilslører dei faktiske forholda mellom medlemmene
sine. ‘Det er’ eit imperium basert på projiseringa av militær makt til kvart
hjørne av verda og på våre premissar, uansett kva kostnad det påfører andre.”

Den overhengande faren, skriv Johnson, er at Pentagon har glidd ut av sivil
kontroll og no ikkje styrer berre våpenhandelen, men dei fleste av dei
hemmelege operasjonane til USA gjennom “Avdelinga for spesielle operasjonar”
(Special Operations Division). Pentagon pressar no på for at Japan skal
ruste opp på nytt som ein del av eit “regionalt forsvarssystem”, noko som
vil vere ein direkte provokasjon mot Kina. USA vil ikkje tolerere noka makt
som er i stand til å motstå Washington, og held seg med talrike klientstatar
der USA kan ha basar som “garanterer tryggleiken deira”, til dømes Kosovo.

Desse åtvaringane er ikkje nye, men dei kjem sjeldan fram i ålmenta. I
Economic and Political Weekly påpeikte forfattaren Samir Amin at media i USA
er “tilstrekkeleg kontrollerte til at dei strategiske måla til styresmaktene
aldri blir tema for debatt; ytringsfridomen, ein fridom som ofte gjev
burleske resultat, gjeld berre emne som involverer individa eller konfliktar
innanfor den herskande klassen.”

I løpet av det burleske Bush og Gore-showet gav journalistane aldri
publikummet sitt noko inntrykk av dei verkelege kjeldene til og konturane av
makta i USA, som Det Kvite Huset berre er eit utstillingsvindauge for. Denne
togna tillet akkrediterte mafiosi, som den brutale Bushklanen, å posere som
søyler i eit demokratisk system. Kvifor? Er det fordi dei akademiske
fabrikkane i USA så lenge har bestemt dei intellektuelle termane for å
studere makta? Til dømes vart fagdisiplinen internasjonale studiar i stor
grad grunnlagt av stiftingane til Carnegie, Ford og Rockefeller, i samarbeid
med eit nettverk utleidd frå forløparen til CIA, OSS og Rådet for
utanlandske relasjonar. Effekten har vore ei hjernevasking gjennom intens
bruk av det Chalmers Johnson kallar “trøystande ritual”.

No og da blir rituala lagde til side. I fjor skreiv New York Times-skribent
Thomas Friedman, rådgjevar for Madeleine Albright, dette: “Den usynlege
handa til marknaden kan aldri fungere utan ein usynlege knyttneve.
McDonald’s kan ikkje bløme utan McDonnell-Douglas, fabrikanten av F-15. Og
den usynlege knyttneven som gjer verda trygg å vere i for teknologien til
Silicon Valley, heiter US Army, Air Force, Navy og Marine Corps.”

Presist sagt.

John Pilger

Omsett av Per Anders Todal



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 18 2001 - 10:59:44 MET