mediets tale om ingenting

From: Karsten Johansen (kvjohans@online.no)
Date: Fri Dec 22 2000 - 11:32:52 MET


Godt og presist av Helgheim. Han sier langt på vei det jeg har prøvd
å si.

Karsten Johansen

http://www.dagogtid.no/arkiv/2000/51/roald

Dag og Tid nr. 51-52, 21. desember 2000

Roald Helgheim:

«Det taler, og sier likevel ingenting»

Vi lever i informasjonssamfunnet, det er noko alle veit. I alle fall er det
noko «alle» meiningsberarar ytrar når dei skal skildre samtida. Dette
samfunnet er noko kvalitativt nytt, og endringane i verda er like
gjennomgripande som den industrielle revolusjonen. Reiulf Steen skriv mykje
om det i boka Jordskjelv, og når det gjeld «informasjonssamfunnet» er vegen
attende like stengd som når det gjeld «globaliseringa». Slik har
«informasjon» og «globalisering» blitt siamesiske tvillingar i ein ny
tusenårsretorikk, som eit dobbelt mantra.

«Jeg blir oppgitt når jeg møter mennesker som hevder at vi kan være
uavhengige av globaliseringen», sukkar Steen, samstundes som han vil slå
ring om dei sosiale goda den no dekonstruerte arbeidarklassen ein gong
kjempa til seg. Og han rasar mot det sosialdemokratiet som har gjort knefall
for marknadskreftene sine verste inntog i velferdshuset, med ein ny
underklasse som resultat. Men når han skal finne den mest treffande
skildringa av den situasjonen verda er i rundt tusenårsskiftet, brukar han
Marx: «Alt som er fast, blir omformet til luft, alt som er hellig, blir
vanhelliget, og mennesket blir til slutt tvunget til med edruelige sanser å
stå ansikt til ansikt med sine virkelige livsbetingelser og relasjonene til
sin egen slekt.»

Det er eit godt sitat, men kva meiner han når han etterpå hevdar at «det er
globaliseringen som har skapt den situasjonen», og at «den teknologiske
utviklingen er årsaken»? Kva vil det då seie at denne samfunnskildringa
etter hans syn var like gyldig på Marx si tid som i dag? Ein av dei som har
drive informasjonsretorikken ut i parodien, er Thorbjørn Jagland. Når han på
siste landsmøte i Ap skulle argumentere for statleg overtaking av sjukehusa
sa han: «Sykehus er moderne informasjonsbedrifter. De må få en friere
stilling. Som andre statsbedrifter. Derfor foreslår vi å gjøre sykehusene
til statsforetak.» Om vi ser bort frå det logiske virvaret i dette
resonnementet: Blir vi friske av meir informasjon?

Det blir sjølvsagt gjort meir seriøse forsøk på å lage ein meir konsistent
«informasjons»-ideologi enn dette. Den nye guruen heiter Manuel Castells,
mannen bak trebindsverket The Information Age, fyldig presentert og
diskutert i avisa Klassekampen. Thomas Hylland Eriksen kallar Castells ein
«Marx for informasjonssamfunnet», og Nettet er det samanfattande omgrepet
for økonomisk globalisering og spreiinga av informasjonsteknologi. Hylland
meiner venstresida lir av «sutrende nostalgi, fatalisme og teknologiangst» i
desse spørsmåla. Og under tittelen «Ikke avvis Nettet» meiner ein norsk
it-guru, Gisle Hannemyr, at «venstresida må forholde seg til Nettets logikk
som en realitet.»

Eg veit ikkje kva «Nettets logikk» er, men å avvise Nettet lyder like
meiningsfylt som å avvise månen. At it-alderen stiller oss andsynes svære
utfordringar og mogleikar, er det ingen tvil om. Men ein del av retorikken
rundt det minner om new age si ny-oppdaging og mystifisering av den
kvantefysikken vitskapen hadde kjent til i femti år.

I 1964 skreiv Marshall McLuhan klassikaren Mennesket og media. Det var her
han lanserte den ofte siterte tesen om at mediet er bodskapen. På den tida
var it-utviklinga på begynnarstadiet, men oppdaginga som mogleggjorde den
første mikroprosessoren på sekstitalet, var gjort. Det som har hendt sidan
då, er at it-teknologien har gjort det mogleg å transportere fleire bits
fortare enn før. Det gjeld informasjon, men like mykje desinformasjon eller
reint skrot.

Som McLuhan skreiv: «Budskapet i et medium eller en teknologi er selve
forandringen av de grader, hastigheter eller mønstre som det innfører i
samfunnslivet. Jernbanen innførte verken bevegelsen, transporten, hjulet
eller veien i vårt samfunn, men den akselererte graden av tidligere
menneskelige funksjoner, og skapte på den måten helt nye former for byer og
nye former for arbeide og fritid» (!). «Da IBM oppdaget at det ikke var
opptatt med fremstilling av kontormaskiner, men derimot utviklet
informasjon, begynte selskapet å dirigere sin virksomhet med langt klarere
blikk», skriv McLuhan. Og om mediet lys: «Det elektriske lyset unngår vår
oppmerksomhet som et kommunikasjonsmedium av den enkle grunn at det ikke har
noe ‘innhold’... For det er først når lyset brukes i en lysreklame, at man
legger merke til det som et medium. Men da er det ikke lyset man legger
merket til, men ‘innholdet’ (som i virkeligheten er et nytt medium.»

Vi avsluttar med Shakespeare, der McLuhan i Romeo og Julie fann den beste
skildringa av mediet fjernsyn:

«Men svakt. Hva stråler gjennom vinduet der borte? Det taler, og sier
likevel ingenting.»

Med desse orda ønskjer Dykkar medium alle lesarar ei god jul og eit godt
nytt år.

Roald Helgheim



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 18 2001 - 10:59:38 MET