Re: Stakkars flyselskaper!

From: Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Date: Mon Dec 18 2000 - 13:24:31 MET


jonivar skullerud wrote:
>
> Nei, tenk det da! Avgifter vil kunne påvirke etterspørselen etter
> flyreiser! Noe så skrekkelig! Vi må naturligvis sørge for at flest
> mulig reiser med fly, den mest forurensende og ressursødende av alle
> transportformer!
>
> Denne aksjonen er for meg bevis på at regjeringen har gjort noe riktig
> på transport- og miljøfronten, for én gangs skyld. At flyselskapene,
> som mottar store subsidier i form av avgiftsfritak, syter over det,
> bør man ikke ta det minste hensyn til.

Saka har også ei anna side. Passasjeravgifta skulle vri trafikken over
frå fly til tog, og vart derfor lagt på ruter der fly og tog
konkurrerte, f.eks. Oslo-Bergen. Så langt eit bra tiltak, som så vidt eg
hugsar vart innført under den forrige regjeringa.

Men bakom lurer Den europeiske unionen. Differensiert avgift er i
EU-logikken ei subsidiering av dei flyrutene som ikkje betaler. P.g.a.
EØS-avtalen vart Noreg pålagt å endre systemet, enten med å fjerne
avgifta eller med å innføre ho for alle ruter. Regjeringa valde det
siste, som gjer flyreiser dyrare i distrikta utan å gje den tilsikta
trafikkvridninga der. (At NSB samstundes gjer togtilbodet dårlegare,
høyrer med til det totale biletet. Vi får halde oss heime.)

Dei same EU-reglane gjeld for konjunkturavgifta, som skulle dempe
presset i Oslo-området, men som må innførast likt over heile landet.
Mange fornuftige (og sikkert nokre ufornuftige) byggjeprosjekt blir i
desse dagar lagt på is.

Vekk med EØS-avtalen!

Lars Staurset



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 18 2001 - 10:59:35 MET