Re: SV: ØkoProdusentane og Statens Næringsmiddeltilsyn

From: Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Date: Thu Dec 14 2000 - 14:38:11 MET


Ottar Korsnes wrote:
>
> Kan Lars Staurset gje meg ein definisjon på kva som er skilnaden på øko-bønder og vanlege bønder. Eg trudde nemleg at øko-bønder var vanlege bønder, men dei er kanskje noko annsleis enn det eg trudde?

Spørsmålet er av ein eller annan grunn ironisk stilt, men eg vel å
oversjå det. Pr. definisjon dyrkar øko-bønder jorda på ein annan måte,
spesielt utan kunstgjødsel og kjemiske plantevernmiddel. Sjå f.eks.
http://home.online.no/~organic/, eller følg andre lenker frå det raude
surfebrettet på http://www.sv.no/eksternt/.

Det interessante for forbrukaren, men tydelegvis ikkje for Jordfald i
SNT, er kva denne forskjellen utgjer på det ferdige produktet og for
miljøet. Det avheng ikkje berre av kor store biverknader dei kjemiske
innsatsfaktorane har, men også av om bøndene i begge gruppene følgjer
dei respektive reglane.

Lars Staurset



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 18 2001 - 10:59:34 MET