Grenser og helse (var: Re: "Gjenutsettelse")

From: Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Date: Fri Dec 01 2000 - 13:44:36 MET


Oddmund Garvik wrote:
> For min eigen del del, tykkjer eg Nationen http://www.nationen.no er
> interessant lesnad om dagen. Her får ein det for seg, svart på kvitt,
> kor uendeleg stor avstanden er mellom det norske sjølvbiletet og den
> norske tenkjemåten. Det er så dårleg at det ikkje er til å le av ein
> gong...

Du kan le av den norske landbruksministeren, som er så ivrig etter å
tekkjast EU at han snur kappa frå dag til dag etter kva veg vinden ser
ut til å blåse i Brussel. Råflir gjerne av heile regjeringskobbelet, som
med stor iver prakkar på oss det eine regelverket etter det andre, laga
for andre breiddegrader og leveforhold.

Le ikkje av norske bønder, som slåst med ryggen mot veggen for å
oppretthalde dyre- og plantehelse, matvarekvalitet og tillit hos
forbrukarane. Sjølvsagt gjer franske bønder det same på sin kant, og det
er viktig med alliansar over landegrensene. Minst like viktig er det å
stoppe spreiing av smitte. Det er vanskeleg nok, men likevel lettare enn
å slå tilbake salmonella og kugalskap når dei først har fått fotfeste.
Når ei sone (f.eks. eit land) er utan kjend smitte, er det særs viktig å
ta vare på den situasjonen. Det hjelper ikkje franske bønder om også
norske kyr blir galne. Smitte og sjukdom er ikkje noko ein kan dele
"solidarisk" på.

Eit av mange viktige tiltak er å redusere og kontrollere transporten av
biologisk materiale på kryss og tvers. Her kjem noko så "gammaldags" som
landegrenser til nytte. Ikkje av nasjonalistiske grunnar, men fordi det
framleis finst administrative og faglege kontrollapparat (politi, toll,
veterinærar) i tilknyting til grensepassering.

For norske styresmakter (les: Jagland) er dessverre EU-medlemskap
overordna alle andre omsyn. Av politiske grunnar set han gjerne folke-
og dyrehelsa over styr. I dette renkespelet passar det bra om sjukdommar
bryt ut i Noreg, så blir han kvitt eit vanskeleg motargument.

Lars Staurset



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 18 2001 - 10:59:29 MET