Re: "Gjenutsettelse"

From: Oddmund Garvik (oddmund@ifrance.com)
Date: Tue Nov 28 2000 - 14:21:26 MET


Viktor Stein a écrit :
>
> Spørsmål til Garvik: Kva meiner du eigentleg om det regimet som har
> forvalta fiskeressursane i Nordsjøen? Seier det katastrofale resultatet
> ikkje noko om EU? Kva skal eigentleg til før du rettar eit kritisk lys på
> Unionnen?
> Så vil eg berre seie deg ein ting: Eg seier nei til EU, m.a. på grunn av
> at eg ikkje vil at norske havområde skal bli EU-hav. Om du då skuldar meg
> for å vere ein sneversynt eller tilmed sjåvinistisk forsvarar av nasjonale
> interesser, så vil eg be deg dra rett til helvete!

Kva meiner du med "regimet som har forvalta fiskeressursane i
Nordsjøen"?

Om du ikkje har lagt merke til det, er eg likevel kritisk til store
deler av politikken til EU, og eg ytrar meg om dette her eg bur. Eg driv
også organisert arbeid som eintydig går i den retninga.

Siste delen av innlegget ditt skulle eg vel oversjå. Slike ting har eg
høyrt før i den norske EU-"debatten". Eg høyrer også slike ting her til
lands, frå folk som berre seg sin eigen navle: visse "jegarar", visse
fiskarar, visse bønder, visse grupper av arbeidfolk og parti som ser seg
blinde på forsvaret av arbeidsplassar i atom-, og våpenindustrien t.d.

Ein må lære seg å skilje klinten frå kveiten, og sjå på kva som er
vesentleg. EU-hav...norske
havområde...russiske...islandske...kanadiske...danske, franske og
spanske, alle har sine havområde å forsvare. Det er ikkje det som er
problemet. Det som er viktig for meg er å redde fiskeartar som er i ferd
med å forsvinne p.g.a. dårleg forvaltning, redde det biologiske
mangfaldet i havet som på jorda. Noreg er som sagt ikkje noko godt
eksempel i desse sakene, og då er det likegyldig om havområda heiter
"norske", eller noko anna.

Hadde Noreg vore ein mønsterstat, hadde alt stilt seg annleis. I
mellomtida blir desse "argumenta" berre skinheilag pjatt, like lite verd
som det ein høyrde i den Haag nyleg, og har høyrt hundrevis av gonger
før.

Oddmund Garvik
 
______________________________________________________________________________
Vous avez un site perso ?
2 millions de francs à gagner sur i(france) !
Webmasters : ZE CONCOURS ! http://www.ifrance.com/_reloc/concours.emailif



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 18 2001 - 10:59:28 MET