radikal_ungdom_på_nett?

Magnus Marsdal (marsdal@mail.norconnect.no)
Wed, 15 Jan 1997 17:16:18 +0000

BLI UNG OG DYNAMISK, DU =D2G!

Eg vil med dette gje alle KK-forumistar eit tips: Dersom du vil få
med deg kva unge folk (mest gutar, sjølvsagt) meiner og
tenkjer, og gjerne med eit klårt venstre-tilsnitt, kan post-lista til
Gatas Parlament vera verdt eit forsøk.

Av ordskifte frå den siste tida kan eg nevna:

Legalisering av hasj?
Metadon
Ytringsfridom for rasistar/nazistar?
"Stryk kristen-korset av ditt flagg"?
Kor "prinsippiell" skal ein revolusjonær vera?
Nynorsk?
Revolusjonær ungdomskultur
Nasjonalstaten?
Homofobi

Net-kulturen og debatt-kulturen på GP-mail er ganske annsleis enn her
på KK-f, og vi unge er ikkje alltid så saklege. Men dersom du lagar
ei eiga postkasse for GP-mail vil det truleg vera mogleg å finna ein
del interessante ting, sjølv om du ikkje orkar lesa 20 innlegg i
døgnet (laaaange replikk-vekslingar, mykje sitering).

Dessutan er det slik at eldre folk med kunnskap og politiske røynsler
vil ha mykje å bidra med i einskilde debattar, og klientellet på
GP-mail er stort sett veldig villig til å lytta, og svara.

subscribe til: gatasp-mail@gatasp.no

KH
Magnus Marsdal