Schengen og politisk overvaking - regjeringa feilinformerer

Lars Staurset (lars.staurset@it.statkart.no)
Thu, 19 Dec 1996 09:56:37 +-100

Nedafor følgjer eit debattinnlegg som eg har sendt til dei største
avisene i Møre og Romsdal. Det inneheld ikkje noko nytt for dei som
les KK og følgjer med på forumet, men eg legg det ut her som
oppfordring til å skrive noko liknande i andre aviser. Dersom nokon
gjer det, vil eg svært gjerne ha ei lita tilbakemelding for å vite om
denne arbeidsmåten har noko for seg.

KK-redaksjonen kan trykke innlegget dersom dei vil, men som sagt
inneheld det ikkje noko nytt for dei som les avisa.

Teksten følgjer----------------

Politisk overvaking har med rette skapt store overskrifter den siste
tida. Vi har fått vite at det hemmelege politiet, POT, prøvde å "få
noko på" Berge Furre medan han og Lund-kommisjonen kontrollerte POT på
oppdrag frå Stortinget. Slikt minner oss om land og samfunnssystem som
vi helst ikkje vil likne. Til no har ein statsråd, ein politisjef og
ein ekspedisjonssjef gått av, og vi får håpe at rotenskapen blir
fjerna for godt.

I så måte lovar det ikkje godt at regjeringa no skriv under på
Schengen-avtalen, som er eit slags politisamarbeid mellom dei fleste
EU-landa. Justisminister Anne Holt sa i Stortinget 12. desember at
Schengen-samarbeidet ikkje omfattar dei hemmelege tenestene, men er
retta mot tradisjonell, alvorleg kriminalitet. Alt 16. desember måtte
ho vedgå at dette ikkje stemmer.

Regjeringa har heile tida prøvd å halde tilbake informasjon om
Schengen, og i staden bløffa om at avtalen gjeld passfridommen i
Norden. Mange av dei viktigaste Schengen-dokumenta er framleis
hemmelegstempla, men noko har etter kvart kome ut.

Hjørnesteinen i Schengen heiter Schengen Information System (SIS).
Dette datasystemet har uttrykkeleg som formål "å opprettholde den
offentlige orden og sikkerhet, herunder statens sikkerhet". I vanleg
språk betyr dette at dei hemmelege tenestene i medlemslanda også har
tilgang til SIS. Dei bruker det til å utveksle opplysningar om
personar som dei interesserer seg for.

- Men er dette så farleg, vil somme seie. - Berre vi ikkje gjer noko
gale, så kjem vi vel ikkje i klørne til verken det vanlege eller det
hemmelege politiet?

Dessverre er det ikkje så enkelt. Lund-kommisjonen påviste at POT i
mange år registrerte folk som dreiv lovleg politisk verksemd. Anne
Holt, som framleis sit i regjeringa, sa i Stortinget 2. desember at
dei ikkje gjer det lenger. No veit vi at det også var feil, og at ho
visste eller burde vite det alt då. Vi kan altså ikkje lite på det ein
justisminister seier i Stortinget.

POT registrerte også såkalla overskotsinformasjon. Dersom dei f.eks.
avlytta jobbtelefonen til ein mistenkt person, noterte dei også frå
samtalar når andre personar brukte den same telefonen. Dermed kunne
heilt uskuldige og uvitande personar komme i arkiva.

For mange menneske skapte denne registreringa store problem, f.eks.
med å få seg jobb. Dette heng saman med at POT ikkje heldt alt for seg
sjølv, men gav informasjon til - og mottok frå - kontaktpersonar i
arbeidslivet og partipolitikken.

Andre land har ikkje hatt noko tilsvarande oppgjer med dei hemmelege
tenestene som det vi no har i Noreg. Vi må rekne med at dei har brukt
- og truleg bruker - liknande eller verre metodar enn POT, og at
datasystema rundt om i Europa inneheld tallause personopplysningar av
meir eller mindre tvilsam karakter.

Schengen-avtalen går mellom anna ut på å organisere flyten av slike
personopplysningar rundt om i medlemslanda. Med dette systemet fullt
utbygd kan POT søke etter Berge Furre eller kven som helst av oss i
utanlandske politidatabasar.

Ingen Lund-kommisjonar "forstyrrar" det som går for seg i SIS. Rett
nok finst eit slags kontrollorgan, men det er styrt av regjeringane,
likeeins som det det gamle Kontrollutvalet i Noreg. Det fann aldri
noko å kritisere dei hemmelege tenestene for. Først då Stortinget tok
kommandoen og oppnemnde sine eigne granskingsutval, kom gamle (og nye)
synder for dagen.

Men Schengen er meir enn SIS: Sirene er eit system for å utveksle
persondata som politiet i kvart land ikkje har lagt inn i SIS. Kva
slags data dette kan vere, er nokså vagt, for det meste om Sirene er
hemmeleg. Det er heller ikkje kjent om det finst nokon uavhengig
kontroll med denne datautvekslinga.

Midt oppe i den siste overvakingsskandalen står regjeringa fast på å
knyte seg til Schengen-avtalen. Schengen-ansvarleg i
Justisdepartementet er no den ekspedisjonssjefen som måtte gå av fordi
ho ikkje informerte statsråden sin om kva POT dreiv med. Det ligg ein
slags ironi i dette, for Schengen er hemmeleghald sett i system.

Schengen er mykje anna, men det er ikkje plass til å skrive grundig om
alt her. Det gjer Noreg til grensevakt for EU og innfører "Berlin-
murar" mot folk frå andre delar av verda. Det fjernar grensekontrollen
mellom medlemslanda, men krev i staden at alle har
identifikasjonspapir på seg alle stader. Det overfører i praksis delar
av norsk suverenitet til Schengen-organa, i strid med ånd og truleg
bokstav i Grunnlova, og klårt i strid med resultatet av folkerøystinga
i 1994.

Planen er no at Stortinget skal gjere det endelege Schengen-vedtaket
vinteren eller våren 1997, få månader før stortingsvalet. Dette er ei
av dei største sakene Stortinget nokon gong har behandla. Kvifor tør
ikkje regjeringa vente til etter valet? Er dette ei dårleg sak i
valkampen?

Lars Staurset