Prosessen mot Berge F

Jon Hareide Aarbakke (jha@computas.no)
Tue, 17 Dec 1996 08:05:36 +0100

Pussig at ingen meiner nokke om dette?

Nuvel.

Faremo seier "eg må gå av di eg konstitusjonelt er formelt ansvarleg for
det som har skjedd" (radioen i går).
Jagland formulerte seg på liknande vis.

M.a.o., ho tek ikkje på seg ansvaret anna enn _reint formelt_, dvs.
ifølgje dei politiske spillereglane.

Skal vi ta ho bokstaveleg på dette tyder det at justisministeren ikkje
har kontroll med det som går føre seg i departementet, ho har ikkje noko
_reelt_ ansvar. Det er jo interessant.

Sannsynlegvis er det berre tøv, men det er jo morosamt at det einaste
viset ho kan vri seg unna på er ved å implisitt anklage byråkratane i
departementet for grotesk illojalitet.

Det som står att er at det er konspirasjonsteorien som har vunne fram:
Quigstad et al (Ap?) freista å lage ei boomerang-sak for
Lund-kommisjonen. OK, mogleg det, men ville det ha verka? Er argumentet
sannsynleg? Viss dei hadde funne ut at Furre hadde vore
moldvarp/hamster/marsvin, ville det vore mogleg å gå ut med det utan at
det slo attende på dei sjølve.

Den alternative teorien er at dei har vore nyfikne, men klossete. Er det
naivt? Det kan jo verke som det er ein hard gjeng kalde krigarar vi har
med å gjere.

Aftenposten klagar i dag over sin tapte dyd på leiarplass; "vi trudde at
alt var så bra no". Det står ikkje til truandes.

Jon Hareide Aarbakke