Bruk "Nei til EU informerer"!

Lars Staurset (lars.staurset@it.statkart.no)
Mon, 16 Dec 1996 08:15:01 +-100

Schengen er ei sterk drivkraft på vegen mot ein tettare union, og for Noreg
er Schengen og EØS sterke drivkrefter mot fullt medlemskap i EU. Aldri før
har Noreg vore så nær EU-medlemskap som no, og det er viktigare enn nokon
gong at nei-sida vaknar.

Den siste utgåva av nyheitsbrevet "Nei til EU informerer" kom for nokre
dagar sidan. I tillegg til Schengen-stoff og nytt frå Sverige m.m. inneheld
bladet ei tankevekkande opplysning: det har berre 300 betalande abonnentar.
I tillegg går det rett nok til stortingsrepresentantar, lokallag og ein del
tillitsvalde.

Kva betyr dette i praksis:
- Svært mange som burde halde seg orienterte om utviklinga i EU, får ikkje
del i den informasjonen som kunnskapsrike skribentar i NTEU sit med.
- Denne informasjonen når ikkje vidare ut til arbeidsplassar og heimar, for
det er altfor få som skriv lesarbrev, startar debattar og lagar saker med
lokal vinkling av dette stoffet.

Det siste er sjølvsagt det verste, men det er ein samanheng her: Så lenge
massemedia ikkje bryr seg om å informere publikum om Schengen og matsminke,
må nei-sida gjere jobben sjølv. Då må oppegåande folk på nei-sida vite kva
som går for seg, og vere i stand til å formidle det vidare.

Eg reknar med at deltakarane på KK-forum i hovudsak høyrer til på nei-sida,
og utfordrar alle som les dette, til å abonnere sjølv og få andre med seg.
Bladet kostar 200 kr/år, og kjem vanlegvis med 8 sider kvar 14. dag. Kontakt
Nei til EU, Arb.samf. plass 1, 0181 Oslo, tel. 22 20 90 50.

Ein kan også lese "NTEU informerer" på Internett, via heimesida
http://www.aksess.no/nteu. Sjå også informasjonsbanken med fakta om Noreg
og EU.

For orden skuld: KK er også flink til å informere om EU, og både KK og "NTEU
informerer" har stoff som den andre manglar. Fordelen med "NTEU informerer"
er at EU-fakta er samla og lett å finne fram i.

Lars Staurset