E-post-reklame - kva gjer vi med det?

Lars Staurset (lars.staurset@it.statkart.no)
Wed, 27 Nov 1996 09:56:35 +-100

Ein avsendar som kallar seg Steve med adresse T3Comm@earthstar.com har
sendt meg eit eineståande tilbod. For $139 skal han sende meg dryge
3 millionar e-post-adresser som eg kan bruke til reklameformål.

Eitt slikt tilbod plagar meg ikkje så mykje, men dette kjem vel til å
gripe om seg? Er det nokon måte å stoppe slik marknadsføring på,
f.eks. at alle som mottek tilbodet (3 millionar?) sender "nei
takk"-svar? Burde eg kjøpe desse adressene for å prøve å organisere
motstanden???

Lars Staurset