Ein_vri_på_kulturdebatten

Edb-rådet (Ivar.Hellesnes@veths.no)
Wed, 20 Nov 1996 20:42:39 +-100

Dette innlegget er nå sendt til KK-redaksjonen:

Voice, exit - eller corner?

Eg vil introdusera eit nytt omgrep for Klassekampen sine lesarar. Eg
vil kalla det "corner" eller på godt norsk "kårner", og det tydar det å
ha innverknad på innhaldet i t.d. ei avis ved rett og slett å by henne
fram ved å stå på eit hjørne på heimstaden, eller på anna vis syta for
at det strøymer pengar til kassa. Dagsavis-aktivisme, altså. Men først
litt om kulturstoffdebatten.

Eg var ein av dei som skreiv under på "m-l"-oppropet dvs det som
klandra kulturredaksjonen for dårleg arbeid og som kulturredaktøren
kalla "merkeleg og lettvint (m-l)" i ein sylkvass og djuptborande
kommentarartikkel. Eg angrar ikkje, men eg syntest allereie då at
oppropet var for superfisielt (overflatisk) og malignt (vondarta).
Oppropet tok ikkje opp i seg ein kritikk av retninga som kulturstoffet
syner oss som meiner at politikk er handling og endring via handling -
meir enn berre å bedriva ord.

Eg var på Asylmøtet óg. Der gleda eg meg over kulturredaktøren sine ord
om at han skulle ta inn over seg den delen av kritikken som gjeld det
journalistiske handverket. Eg synest eg ser ein betring på dette
feltet, og det er bra. Det er mindre svada og uturvande bruk av
framandord, og det er lettare å lesa stoffet.

Men retninga er den same, dvs eg ser ingen oppfordring til handling i
noka lei, og det går opp for meg at redaktør Bjerke gjer det einaste
fornuftige ut frå sin ståstad. Hans oppgåve er å få hjula til å sviva
rundt, dvs skaffa så pass inntekter at avisa ikkje går konk. Det er
ikkje lett, og det er nære på, heile tida.

Å be kulturredaktøren om å endra ei line som truleg har gitt mange
abonnentar og mykje sal i visse kulturkrinsar er fåfengt dersom ein
ikkje samstundes kan peika på at ei slik endring vil gi meir pengar i
kassa. Og trur nokon det? Eg trur det ikkje. Derimot veit eg at mange
av kjernelesarane no tenkjer å hoppa heilt av. Tidligare har dei hoppa
av frå "corner", no vel dei "exit". Og som lesaren skjøner, er dette
omgrep frå moderne økonomisk teori, introdusert her i avisa 7.11. av
Trond Andresen. "M-l"-folket prøvar med "voice" - dei vil påverka varen
dei kjøper ved å melda korleis dei ønskjer han skal vera, men utan å
overtyda seljaren, Bjerke, om at salet vil gå opp. Nei, Andresen-lina
er skrift i sand - idealistisk og metafysisk for Bjerke.

Men, eg skulle se den redaktøren som ikkje vil lata seg påverka av ein
massiv "kårner"-innsats! Aktivistarbeidet for Klassekampen har svinga
berre ein veg dei siste åra. No kan det snart ikkje bli dårlegare - eg
snakkar ut frå eigen røynsle (Trondheim). Samstundes kan styreleiar i
Klassekampen, Aksel Nærstad, melda at PR-folk han har vore i kontakt
med seier at den reklamen avisa får (fekk) ved at aktivistar fallbyr
(fallbaud) blekka på gater og torg (kårner i alle byar og tettstader),
vanskeleg kan (kunne) målast i pengar, men at det nok er (var) snakk om
millioner av kroner til marknadsføring for å kompensera.

Jaja. Eg veit ikkje om dette er noko verdt - dette er jo også moralisme
- men eg kan ikkje dy meg frå å retta ein advarande peikefinger til
Raud Ungdom (og andre som det er litt aktivisme att i): Vil de behalda
avisa, må de velja kårner så det svir og susar! Eg ser for meg at RU
startar ein storkampanje der leiande kader står kvar laurdag og fallbyd
Klassekampen, og at dei kjempar hardt for å få dratt med seg RV-arar og
AKP-arar (og kanskje ein og annan frå kulturlauget?) ut på gata for å
gjera avisa betre. Då kan dei som vil endra profilen i avisa
argumentera ut frå avisas materielle vilkår - "får me ikkje ein
skarpare, meir revolusjonær avis, stoppar me salet!" (Ein kå
rner-konkurranse mellom "m-l" og kultur? Kven vil vinna?)

Men det er vel å tru på Fanden.

Ivar Hellesnes kårner.