RE:_Opsjonelt_=28Gå_mann=21=29

Lars Staurset (lars.staurset@it.statkart.no)
Mon, 18 Nov 1996 11:00:25 +-100

Svar til Jon Hareide AarbakkeÆSMTP:jha@computas.noÅ, som skreiv:

>Etter mitt syn er vi no vitne til nok ein norsk såpeopera, soga om
>Terje Rød Larsen og dei 600.000. Eller som han sa på radioen i dag
>18/11: "alle tallene er riktige- 500.000, 600.000 og differansen mellom
>dem, 100.000".
..
>Difor finst det ikkje noko argument mot Terje, anna enn smålege. Vis
>meg det mennesket som ville si nei til å ta imot ein gratisbillett til
>eit lotteri (opsjon) med ei mogleg vinst på fleire hundre tusen ?

Eg kan ikkje svare for alle, og har ikkje fått med meg akkurat korleis
Larsen fekk tak i desse pengane. Eg trudde han gjorde noko meir aktivt
enn å berre ta imot. Men ein ting er eg sikker på: Dersom nokon tilbyr
meg ein aksjeopsjon eller ein gevinst til 100.000 eller meir, så trur eg
at det er
(a) lureri (tipping, lotto eller rein svindel), eller
(b) forsøk på å "kjøpe" meg.
Kvifor i h... skulle ikkje tilbydaren ellers innkassere gevinsten sjølv?

Lars Staurset