Spørsmål=20frå ein lesande arbeidskar

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Wed, 26 May 1999 09:31:27 +0200

To månaders bombekrig har utløyst sterkt engasjement og stor skrivekløe
på KK-forum og sikkert på andre lister. Kvaliteten på innlegga er ujamn,
men somme av skribentane har tydeleg lagt mykje arbeid både i skrivinga
og i å samle informasjon, f.eks. å følgje med i utanlandske aviser og
nettsider. Dette gjeld skribentar frå begge leirar (ingen nemnt - ingen
gløymt), og det gjeld informasjon som kjem lite fram i andre norske
media, så dette er verdifullt.

Sjølv har eg ikkje hatt tid til å lese meir enn drygt halvparten av
innlegga sidan påske, innimellom jobb, familie og andre gjeremål. Det
undrar meg at dei mest aktive skribentane (som vel også er i full jobb
eller studerer) både kan lese det som andre skriv og forfatte eigne,
lange innlegg opptil fleire gonger for dagen. Korleis rekk de alt dette?
Har de nokon gode tips til oss andre?

Lars Staurset