Albansk nasjonalisme (var Re: Kort om UCK)

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Fri, 7 May 1999 17:00:49 GMT

Karsten Johansen:

>Men du glemmer å fortelle, at disse albanerne var restene av de som
>var kollaboratører med Mussolini og Hitler under krigen...Spiller det
>ingen historisk rolle hva de foretok seg da serbere ble massakrert
>under nazistisk okkupasjon? "Den albanske motstanden"? Da Stalin
>brøt med Tito, hvem støttet de da? Enver Hoxha og Stalin. Spiller det
>ingen rolle i dag?

Du er oppteken av å finne feil ved UCK, men du forenklar historia litt.
Javisst fanst det kollaboratørar i Albania, liksom i Serbia, Kroatia, for
den saks skuld Frankrike, Danmark, Noreg. Mange stader. Men kva så? Kva
nokre av "disse albanerne" var, eller ikkje var, er lite relevant i dag.

Eg starta det korte samandraget etter den siste verdskrigen, men ein kan gå
enda lenger tilbake. Gjenfødinga av den albanske nasjonalismen starta alt
med den nasjonale Risorgimento *) på midten av 1800-talet. Det var ei rørsle
av forfattarar og opplyste som på romantisk vis dyrka frigjeringsidealet og
foreininga av den albanske jorda som var under ottomansk dominans. Dei gav
dette ein uforsonleg og lidenskapeleg karakter som ein ser spor av den dag i
dag. Den albanske nasjonalismen fann næring i dyrkinga av jord og blod, ein
"biologisk" definisjon av "albaniteten" og det eineståande albanske språket.

Den albanske eliten var klår over den foreståande oppløysinga av det
ottomanske imperiet, og var redde for at det etniske Albania ville bli
øydelagt, sikta inn av dei omkringliggjande monarkia. Den 10. juli 1878
samla 80 albanske delegatar seg i Prizren. Dei representerte dei fire
vilayet (tyrkisk ord for administrativ eining), og dei tre religionane
(ortodoks, islamsk, katolsk), og hadde som oppgåve å organisere den albanske
motstanden mot oppstykkinga av dei etniske landområda, med tanke på den nært
forståande Berlin-kongressen. Dei oppretta Prizren-ligaen, ein hjørnestein i
den albanske nasjonalrørsla. For første gong fekk spørsmålet om nasjonal
eining ein politisk, og ikkje berre ein reint litterær karakter. Tre dagar
etter grunnlegginga av Ligaen oppløyste Berlin-kongressen dei albanske
vilayet, og fordelte dei mellom Hellas og Montenegro. For den albanske
Risorgimento, representerte Berlin-kongressen første akt i den nasjonale
tragedien, eit "dolkestøyt" frå stormaktene si side mot lengselen til det
illyriske folket.

Albania som endeleg blei sjølvstendig i 1912, hadde mist 29 000 km2 albansk
jord og 1,2 millionar landsmenn som var reduserte til etniske minoritetar
under utanlandsk autoritet. Versailles-konferansen gav Kosovo (10 690 km2)
til Serbia. Konferansen anerkjente sjølvstende for eit Albania som var
redusert til halvparten.

Den beste løysinga på det albanske spørsmålet var den som blei rissa opp
under den andre verdskrigen. Italia under Mussolini oppretta ved dekret den
7. august 1941 eit Stor-Albania som fylgde dei etniske grensene. Det er
interessant å leggje merke til at medan Aksemaktene av albanarane i Albania
blei sett på som okkupantar, blei dei oppfatta som frigjerarar av albanarane
i Kosovo og i dei andre etniske områda. I denne motsetninga av synspunkt
finn ein spiren til visse aspekt ved noverande konfliktar mellom albanarar
frå Kosovo og albanarar frå Albania.

I det Jugoslaviske (titoiske) området blei Kosovo oppløyst. Ein stor del av
regionen med albansk fleirtal blei verande i Serbia. På denne måten ville
Tito splitte kosovarane og hindre at dei gjekk samla mot Beograd. Enno i dag
veg denne delinga av Kosovo på den albanske frigjeringskampen.

Etter samanbrotet til det kommunistiske diktaturet i 1990, og 45 års
isolasjon, oppdaga albanarane mellom anna at nokre jugoslavar snakka
albansk, og ikkje kosovarsk, liksom makedonarane snakkar makedonsk og
slavarane slavisk. Heldigvis tok det ikkje lang tid før dei forstod at
kosovarane var albanske.

For innbyggjarane i post-Hoxha Albania var kosovarane relativt rike. Det som
først og fremst slo dei hjå dei attfunne brørne, var den openlyse framsyninga
av nasjonale symbol, og sansen dei hadde for gamle folkesongar - slike ting
som gjorde dei kvalme, for dei hadde blitt tvangsfora med dette under Enver
Hoxha. Albanarane fekk også auge på spenninga mellom Pristina og Beograd, utan
heilt å forstå denne. Kosovarane kunne t.d. reise til utlandet, noko som dei
andre albanarane hadde vore nekta i to generasjonar. Og elles, kvifor slost
mot Beograd når ein økonomisk hadde det brukbart? Kvifor denne mangelen på
forståing i høve til dei fråskilde brørne? For ein stor del var det ein arv
frå indoktrineringa og isolasjonen under det kommunistiske regimet. I
Hoxha-perioden kjende Albanarane betre Kongo enn Kosovo.

Kosovarane har lidd direkte under konsekvensane av den mislykka samlinga av
nasjonen. Difor har dei alltid vore meir kjenslevare for alt det som
nasjonen representerer, enn brørne i Albania. På grunn av den hermetiske
stenginga av det kommunistiske Albania, hadde kosovarane laga seg eit mytisk
bilete av landet, også påverka av Radio Tirana. Albania var Draumestaten
deira. Dei visste korkje om den akterutseilte økonomien, eller
undertrykkinga til Hoxha. Denne romantiske og urealistiske ideen kom ikkje
til å vare så lenge. Då dei i 1990 såg levekåra på landsbygda og i byane,
forstod dei at det var eit enormt gap mellom den albanske røyndomen og ideen
dei hadde gjort seg.

Oddmund Garvik

*) Risorgimento er eit italiensk ord som tyder gjenføding, renessanse. Blei
nytta om den ideologiske og politiske rørsla som gjorde samlinga av Italia
mogleg.

[Kjelde: Limes (Roma): Kosovo - Il triangolo dei balcani].


______________________________________________________________
Message envoye depuis iFrance >> http://www.ifrance.com
o 20 Mo gratuits pour votre site (entreprises ou particuliers)
o Vos adresses email gratuites (comptes pop ou par navigateur)
o Un acces a l'INTERNET sans abonnement gratuit le W.E.
o Dialoguez en direct gratuitement avec le monde francophone