Hjelp til UCK

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Fri, 7 May 1999 13:00:14 GMT

Her kjem eit opprop frå nokre franske intellektuelle:

"Andlet til andlet med massakrar, valdtekter, plyndring, øydelegging og
deportering, held NATO fram med å ikkje vilja gripe inn på bakken i Kosovo,
den einaste utvegen for å redde det martyriserte folket i tide.

Vil det vera ein einaste fri kosovar att den dagen ein bestemmer seg? Eller
vil alle menn, kvinner og barn i dette landet vera deporterte, døde av svolt
og utmatting på plassen, eller utrydda av handlangarane til Milosevic,
Seselj og Arkan?

Dei ansvarlege i Vesten repeterer om kapp: Ingen intervensjon før dei
serbiske styrkane er evakuerte til fordel for ein internasjonal fredsstyrke.
Denne ventepolitikken underminerer intervensjonen til det absurde!

I mellomtida freistar 800 000 forfylgde, utsvelta kosovarar inne i sjølve
Kosovo å sleppe unna omringing, redsel og gru. Til forskjell frå dei
deporterte i Albania, Makedonia og Montenegro, får dei inga hjelp, korkje
med fallskjermslepp eller på andre måtar. Dette kallar ein ikkje-assistanse
til eit folk i fare.

Enda verre er det at ei nasjonal frigjeringsrørsle, UCK, som skreiv under på
Rambouillet-avtalen, og som har støtte frå kosovarar av alle tendensar,
slost mot barbariet med ryggen mot veggen. Europeiske strategar og leiarar
forkastar denne frigjeringsrørsla, skulda i hytt og vêr for å vera
"maoistisk", "muslimsk", "eventyrlysten", "separatistisk", tilhengjar på
sikt av eit "Stor-Albania". Seks millionar hypotetiske albanarar blir haldne
fram som skræmebilete for opinionen! Den demokratiske gjenforeininga av 85
millionar tyskarar for ti år sidan, skremde kansellia våre mykje mindre...

Andlet til andlet med nazismen klarte engelskmennene og amerikanarane å
heve seg over den reserverte haldninga, og støtta den franske
motstandsrørsla. Churchill støtta kommunisten Tito. Ein kan ikkje alltid
velje motstandsfolk i eit undertrykt land, og sjølv om situasjonane ikkje kan
samanliknast, er det i dag på sin plass å støtta motstandskjemparane i UCK.
UCK fortener anerkjenning for å eksistere. Dei har betalt dyrt for det! Det
har kosta blod. Sjølv om dei blir sette til veggs her, desimerte der,
forsvarar dei likevel sine på eit vis, på dei siste skansane sine. Dei går
til åtak på dei serbiske soldatbandane med improviserte midlar. Dei gir NATO
nyttige indikasjonar om styrkane og rørslene til fienden, til bruk ved
førebuing av luftåtak. I tilfelle ein intervensjon på bakken vil UCK vera ei
ideell hjelpande hand som kan førebu terrenget, hindre dei serbiske
styrkane, og forstyrre dei bakarste rekkjene.

Amerikanarane er meir pragmatiske og er i ferd med å oppdage UCK. Våre
europeiske ansvarlege held i dag fram våpenblokkaden for det tidlegare
Jugoslavia, liksom dei gjorde det mot Bosnia i si tid...

Underskrivarane av dette slår fast at albanarane inne i Kosovo treng vår
medkjensle og hjelp like mykje som dei deporterte frå Albania og andre stader.

UCK slost for eit fritt Kosovo mot den same terroristiske og rasistiske
motstandaren som NATO. UCK blei anerkjent de facto i Rambouillet, og har
oppretta ei provisorisk regjering som når den tid kjem, og anten ein vil det
eller ei, kjem til å ta del i det framtidige livet til landet.

Ein kan vera usamd i retorikken til UCK, ta avstand frå nokre av metodane,
til og med det endelege målet. Det er likevel rett å stø desse
motstandsfolka overlatne til seg sjølve. Og det er sjølvsagt også i vår
interesse.

Hjelp UCK, moralsk, politisk og med pengar: Det er opptil kvar og ein å
bestemme seg.

Marie-Françoise Allain - professor ved Université de Paris-VIII, medlem av
Kosovokommiteen.

Pascal Bruckner - forfattar, medlem av Kosovokommiteen.

Paul Garde - tidlegare professor ved Université de Provence.

André Glucksmann - filosof og forfattar.

Romain Goupil - filmregissør.

Pierre Hassner - medlem av Kosovokommiteen og forskningsdirektør ved Centre
d'études et de recherches internationales (CERI).

Gilles Hertzog - medlem av redaksjonskommiteen i "Règle du jeu".

Ismaël Kadaré - forfattar.

Bernard-Henri Lévy - forfattar og direktør for "Règle du jeu".

Olivier Mongin - direktør for tidsskriftet "Esprit" og medlem av
Kosovokommiteen.

Véronique Nahoum-Grappe - medlem av Kosovokommiteen og samfunnsforskar.

(omsett frå fransk av Oddmund Garvik)

PS: Kan nyttast i Klassekampen. Det gjeld også dei to siste innlegga mine.
ds.


______________________________________________________________
Message envoye depuis iFrance >> http://www.ifrance.com
o 20 Mo gratuits pour votre site (entreprises ou particuliers)
o Vos adresses email gratuites (comptes pop ou par navigateur)
o Un acces a l'INTERNET sans abonnement gratuit le W.E.
o Dialoguez en direct gratuitement avec le monde francophone