Den tragiske autismen...

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Fri, 7 May 1999 06:43:53 GMT

...til det serbiske folket.
Den kroatiske forfattaren Slavenka Drakulic stikk hol på den uuthaldeleg
enkle kynismen. Utdrag frå ein artikkel i vekeavisa Feral Tribune (Split).
[Denne avisa oppstod våren 1993 av oska etter det satiriske tillegget i
Slobodna Dalmacija. "Fakkeltribunen" er ei uavhengig og satirisk røyst, midt
mellom Le Canard enchaîné (fransk satirisk vekeavis) og Le Monde. Det er den
einaste frie politiske publikasjonen i Kroatia.]

"I eit system der serbarane ser seg sjølve som levande blinkar, og/eller der
blinken symboliserer eit folk si uskuld, i denne inversjonen av tesar blir
det mogleg å seia at albanarane har fortent lagnaden sin. Har dei ikkje
støtta terroristane i UCK og sjølvstende for Kosovo? Javel, då skal dei få
sjølvstendet sitt, dei skal få NATO! Bortimot 1 million innbyggjarar kasta
ut av heimane sine, over 50 kosovoalbanske landsbyar raserte, ein veit ikkje
kor mange sivile som er drepne - alt dette, ikkje mindre enn bombinga, har
noko å gjera med dei som drar på konsert i sentrum av Beograd. Dei fleste,
ikkje-albanske statsborgarar av Serbia - for albanarane er for lenge sidan
ikkje berre ekskluderte som statsborgarar, men også som menneske - kjende
seg ikkje berørte korkje av Sarajevo, eller Vukovar, og heller ikkje av
Drenica, eller Racak. Dei defilerer med ei blinkskive på brystet. Ingen
ventar at dei skal glede seg over at landet deira blir bomba, men autismen
deira er skremmande og uforståeleg.

Det store fleirtalet av det serbiske folket er ute av stand til å spørja
seg: Men kva er det me har gjort? Har me gjort ein feil? Denne mangelen på
tvil, denne totale mangelen på spørsmålsstilling i høve til handlingane
deira, gjer ein mållaus. I denne stund ser ikkje fleirtalet av dei serbiske
statsborgarane banda mellom luftåtaka og makta til Slobodan Milosevic, eller
mellom makta og deira eige ansvar. Men inga makt, sjølv ikkje eit diktatur,
kan halda seg oppe utan støtte frå eit fleirtal av folket, same om denne er
stillteiande. Framleis i dag når dei intellektuelle serbarane som høyrer til
opposisjonen, vågar å kritisere Milosevic, nemner dei korkje albanarane eller
lidingane deira. Dei sutrar over at Vesten ikkje støttar dei, at dei ikkje
blir forstått, samstundes med at dei teier om ulykka til medborgarane sine,
som om desse siste ikkje eksisterte.

Slik er me vitne til to parallelle tragediar. Den første er
masseforflyttinga av det albanske folket, som nokre alt karakteriserer som
folkemord. Den andre tragedien er autismen til det store fleirtalet av det
serbiske folket. Så lenge dei fleste serbarane opptrer som om dei var
uskuldige, så lenge dei einaste ansvarlege berre blir Slobodan Milosevic,
Vojislav Seselj, eller Vuk Draskovic, er det ikkje håp om forandring. Korkje
eit eventuelt kompromiss som let Milosevic sitje med makta, eller eit
nederlag og ein kapitulasjon har noka meining om ikkje serbarane forstår at
det er opptil dei å gjera størstedelen av jobben. Ingen kan gjera det i staden
for dei: Korkje Vesten, eller NATO, eller Soros, eller utanlandske lån."

Slavenka Drakulic

(omsett av Oddmund Garvik)


______________________________________________________________
Message envoye depuis iFrance >> http://www.ifrance.com
o 20 Mo gratuits pour votre site (entreprises ou particuliers)
o Vos adresses email gratuites (comptes pop ou par navigateur)
o Un acces a l'INTERNET sans abonnement gratuit le W.E.
o Dialoguez en direct gratuitement avec le monde francophone