Kvifor dei intellektuelle...

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Fri, 7 May 1999 06:41:06 GMT

...kosovarane er tagale. For den viktigaste kosovoalbanske dagsavisa (i
eksil), er ord overflødige i den aktuelle situasjonen. Her kjem ein liten
artikkel skriven av Beqe Cufaj i Koha Ditore (Tetovo).

"Kvar gong ein i Tyskland blar i dokument om den andre verdskrigen, blir ein
slått av organiseringa og kommunikasjonsmidla til jødane midt i helvetet.
Dei hadde ikkje stort slingringsmonn, men dei var dyktige til å kommunisere,
særleg på bakgrunn av det dei opplevde... I det kosovoalbanske kaoset høyrer
ein flyktningar spørja om kor dei intellektuelle kosovarane er. I diasporaen
er ein urolege over albanske stemmer som lir under trugsmålet til den
serbiske kniven. Dei intellektuelle, dei som er deporterte til Makedonia,
Albania og andre stader i Europa, spør om kor dei albanske politikarane er,
kor dei politiske partia og institusjonane er, alt dette som dei har tala
varmt for i eit heilt tiår.

Det er nettopp det, ein må analysere dette tiåret. Etter tvangsopphevinga av
sjølvstyret til kosovoalbanarane som Milosevic-regimet sette i verk i 1989,
blei nesten heile energien til dei intellektuelle og til politikarane bruka
på å opprette eit parallelt og sjølvstendig samfunn for å sleppe unna
diktatet frå Beograd. Vesten applauderte dei modige albanske "strukturane",
men dei ville ikkje stimulere denne energiske innsatsen. Eksempelet til
Rugova viser i kor liten grad intellektuelle kosovarar og kosovoalbanske
politikarar hadde forstått kva Milosevic var i stand til. Dei hadde ikkje
forutsett brutaliteten hans, og det faktum at han kunne feie bort alle dei
imaginære, pasifistiske pyramidane.

Ein regissørven som er deportert til Makedonia forklarte meg kvifor
albanarane er tagale. Eg høyrde stemma hans i telefonen som sa: "Denne
krigen er ikkje andre verdskrigen. Me er ikkje jødane, det finst ingen
serbisk Schindler, heller ikkje nokon som helst albansk væpna opposisjon -
berre redsle som i alle krigar. I alle tilfelle er ord overflødige, for ein
kan sjå alt i media." Han visste berre ein ting: Dei sjokkerte kosovarane
treng fred. Dei vil ikkje lenger høyre snakk om politikk, heller ikkje
parti, debattar, rop om hjelp frå intellektuelle."

Beqe Cufaj

(omsett av Oddmund Garvik)


______________________________________________________________
Message envoye depuis iFrance >> http://www.ifrance.com
o 20 Mo gratuits pour votre site (entreprises ou particuliers)
o Vos adresses email gratuites (comptes pop ou par navigateur)
o Un acces a l'INTERNET sans abonnement gratuit le W.E.
o Dialoguez en direct gratuitement avec le monde francophone