Ein kan lett ta feil...

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Sun, 2 May 1999 15:44:50 GMT

Eg fann ein liten notis i Charlie Hebdo 28/4 (fransk satirisk
vekeavis, grunnlagt av Cavanna, uavhengig, anarkistisk tendens; avisa har
fleire av dei beste politiske satireteiknarane i Frankrike i redaksjonen:
Cabu, Charb, Luz, Riss, Wolinski m.fl.; ei slik avis ville truleg vore
forboden i Noreg - ei lita perle av ei avis...).

Notisen var eit lite brev frå den kjende franske songaren Renaud, som ikkje
hadde sett skikkeleg etter då han skreiv under eit opprop mot Nato-bombinga
i Serbia. Dette blei m.a. teke opp av Libération, og det blei vel litt
pinleg for den gamle "rabulisten". Eg har alt vore inne på at
"antikrigsrørsla" er ei nokså glorute forsamling. Her kjem altså eit lite
praktisk døme:

>Kjære Charlie,

>Det ser ut til at eg hamna i fella til fienden. For nokre veker sidan viste
>ein ven meg eit opprop for ei underskriftskampanje, og eg var ikkje sein med
>å skrive under. Underskrifskampanja tok avstand frå NATO-bombinga av Serbia.
>Eg held fast på synet mitt og er ikkje i det heile tatt usamd i teksten eg
>skreiv under på. Men då eg nyleg las i Libé at dei som stod bak denne
>kampanja er eit underbruk av Front Nazional (le GRECE), tar eg sjølvsagt
>heilt avstand frå denne. Eg trekk tilbake underskrifta mi (25 april), og
>tillet heretter ingen å assosiere meg med denne lista. Liksom kollegaen din
>i Libé konkluderer då han skriv at "denne konflikten har ein tendens til å
>røre saman haldepunkta", er eg lei meg for at eg tok for ytre venstre noko
>som kom frå ytre høgre.
>
>Venleg helsing
>
>RENAUD

Omsett frå fransk (sans commentaires...)

Oddmund Garvik

(Charlie Hebdo har diverre ikkje eiga vevside.)


______________________________________________________________
Message envoye depuis iFrance >> http://www.ifrance.com
o 20 Mo gratuits pour votre site (entreprises ou particuliers)
o Vos adresses email gratuites (comptes pop ou par navigateur)
o Un acces a l'INTERNET sans abonnement gratuit le W.E.
o Dialoguez en direct gratuitement avec le monde francophone