Korleis endar krigen? (var: Provokasjon, kamelsvelging, sterk tro osv)

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Wed, 28 Apr 1999 11:28:04 +0200

Trond Andresen wrote:
>
> M.a.o.: Det beste er at NATO gir seg. Det nest beste er at Milosevic ikke
> gir seg, og det innebærer fortsatt krig. Det verste alternativet for Rognes
> (og "antikrigsbevegelsen"?) er at krigen stopper fordi Milosevic-regimet
> gir etter?
>
> Å hindre at NATO "vinner", er så viktig med tanke på mulige fremtidige
> forhold i verden, ikke nødvendigvis relatert til Balkan, at krigen (som
> forøvrig ikke bare består av bombing, men også av etnisk rensing i Kosovo)
> heller må vare på ubestemt tid, enn at Milosevic gir etter?
>
> Trond Andresen

No set Trond tingane på spissen, og det er kanskje det som trengst, men
det er eit par andre mulege utgangar på konflikten. Sterkt forenkla:

1. Bombinga held fram, etter kvart med overgang til bakkekrig, heilt til
NATO har vunne militært og Milosevic-regimet er knust. Knust vil også
Kosovo og resten av Jugoslavia vere. Talet på flyktningar og heimlause,
som no kan målast i hundretusen, vil ha auka til millionar. NATO har
sett seg i ein slags respekt, og ingen land i verda tør å mukke mot USA
lenger.

2. Krigen spreier seg til fleire land og kjem heilt ut av kontroll.
Russland og Kina kjem på banen.

3. Lidingane, framtidsutsiktene og etter kvart eigne tap skremmer
opinionen i vest, som tvingar NATO til å gje opp. Milosevic vinn ein
slags siger, og kan halde fram med å plage ikkje-serbarar i og rundt
Serbia. NATO går i oppløysing.

4. Krigen ebbar ut utan noka skikkeleg avslutting, omtrent som i Irak.
Delar av landet blir underlagt NATO-restriksjonar (kanskje okkupert),
men Milosevic har ein slags kontroll over den utarma resten. Sporadisk
bombing, skyting og etnisk reinsking. Inga løysing på
flyktningeproblema.

5. Forhandlingar kjem i gang. Både NATO og Milosevic må gje og ta, og
begge kan framstille seg sjølve som vinnarar etterpå og sole seg i
glansen av det. Kosovo-flyktningane får lov å vende tilbake, men har
kanskje ikkje noko å vende tilbake til. Pengar til gjenoppbygging blir
lova, men kjem ikkje. Sannsynlegvis inga løysing for serbiske
flyktningar.

Ingen av desse utgangane er noko særleg å juble for. NATO ønskjer seg
utgang 1, krigar no i desperasjon for å unngå 3 og tek sjansen på 2, men
kan også leve med 4. Milosevic vil rimelegvis helst ha 3.

For folk i området må utgang 5 trass alt vere minst ille, og krigen bør
helst stoppe før alt er øydelagt.

Kravet om bombestopp no kan oppfattast som støtte til utgang 3, men like
mykje til 5, for det blir ingen forhandlingar utan eit hardt og
vedvarande press på NATO. Like viktig er det å presse på den andre sida,
men i den grad vår røyst blir høyrd nokon stad, er det her vi bur. I eit
land som fører krig.

Lars Staurset