Re: Bombing pga av planer for etnisk rensing?

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Sun, 25 Apr 1999 23:02:10

Knut Rognes:

>noen tilleggsopplysninger i anledning mine paranoide spekulasjoner 0-4 i går.
>
>0. Man har i lang tid visst om Milosevics planer for etnisk rensing av
>Kosovo.
>1. Ultimatum som påskudd for bombing. OSSE-folkene trekkes ut.
>2. Bombing (mål: for å provosere fram den etniske rensingen).
>...
>
>Jeg tror ikke det er særlig grunn til å tro på eksistensen av planer nevnt
>under punkt 0, selvom f.eks. Garvik argumenterer for det. Slike argumenter
>er vel heller forsøk på omskriving av historien.

Kvifor skulle eg trenge "omskriving av historien", Knut Rognes? Du held fram
med dine teser og omtrentlege konklusjonar. Du stiller opp eigne premisser
og freistar å gi dei ein skir av "objektivitet". Mykje av dette er basert på
desinformasjon, eller på rein løgn, men du dekkjer deg bak (Sitat), og trekk
deg om sitata viser seg ikkje å halde mål. Eller så gjer du ein liten vri,
og byrjar om att nokre dagar seinare. Innhaldet er om lag det same, og det
blir berre keisamt å argumentere mot det. Dessutan blir det mykje repetisjon.

Det finst eit hav av pålitelege kjelder å ause av, og kven som helst kan
leite
seg fram til dei. Det er få som ikkje veit at den etniske reinsinga i Kosovo
starta lenge før den 24. mars 1999. Ein kan lese side opp og side ned om
dette på verdsveven og andre stader. Det er også ein umogleg prosjekt å
freista å underslå at det albanske folket i Kosovo dei siste tjue åra
(eigentleg enda lenger tilbake) er blitt utsette for systematisk
diskriminering og grove overgrep.

Eg sender URLane til eit lite utval av artiklar...

Les t.d. denne bakgrunnsartikkelen til UNCHR:
http://www.unhcr.ch/refworld/country/cdr/cdrkos.htm

eller denne pressemeldinga frå UNHCR den 11. mars 1999:
http://www.unhcr.ch/news/pr/pr990311.htm

eller Kosovo diary av Fernando del Mundo:
http://www.unhcr.ch/pubs/rm114/rm11412.htm

eller "Kosovo, dix ans d'affrontements" - artikkel i Le Monde
http://www.lemonde.fr/actu/international/exyougo/kosovo/articles/990326/1999
.htm

eller "Il y aura d'autres Racak" - leiarrtikkel i Le Monde den 19. januar 1999
http://www.lemonde.fr/actu/international/exyougo/kosovo/articles/990119/9851
.htm

eller "De nouveau, l'indignation impuissante des Occidentaux" - artikkel i
Le Monde
http://www.lemonde.fr/actu/international/exyougo/kosovo/articles/990119/0854
.htm

eller "Les deux cent mille morts du 'nettoyage ethnique'" - artikkel i Le
Monde
http://www.lemonde.fr/actu/international/exyougo/kosovo/articles/990408/ana.
htm

Eg kunne halde fram...

Når det gjeld planen "Hestesko" som eg nemnde for ei tid sidan, finst det to
artiklar i Le Monde. Eg har diverre ikkje hatt tid til å omsetje dei, og
legg berre ved URL nedanfor.

Generalinspektøren for Bundeswehr, Hans-Peter von Kierchbach, presenterte
torsdag 8. april planen "Hestesko" som tyskarane hadde fått kjennskap til ei
veke før. Det blei send ut eit samandrag til pressa som m.a. blei trykt av
Le Monde. Det var eit resymé av operasjonane som er sett ut i livet av dei
serbiske styrkane sidan avtalen mellom Milosevic og Holbrooke i oktober
1998. Tyskarane offentleggjorde også fire kart som viser framgangen til dei
serbiske styrkane i Kosovo, i tillegg til ein kommentar om avsetjinga av
sjefen for overkommandoen til den jugoslaviske hæren på slutten av fjoråret.

Les dei to artiklane om planen:

Bonn confirme l'existence du plan "Fer à cheval" de nettoyage ethnique
http://www.lemonde.fr/actu/international/exyougo/kosovo/articles/990409/0302
.htm

Le plan "Fer à cheval" : obtenir par la violence des changements
démographiques
http://www.lemonde.fr/actu/international/exyougo/kosovo/articles/990410/0300
.htm

Eg forstår ikkje korleis ein kan så tvil om at det fanst planar for etnisk
reinsing i den serbiske leiren. Korleis kunne det elles vera mogleg å tøme
Kosovo for om lag to tredjedeler av folket på så kort tid?

Oddmund Garvik
.......
Le Monde - Le conflit au Kosovo
http://www.lemonde.fr/actu/international/exyougo/kosovo/index.html