Bombestopp? (var: Re: Garviks graut)

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Fri, 23 Apr 1999 16:42:02 +0200

Trond Andresen wrote:

> Uansett må gjerne motivene deres være i all hovedsak geopolitiske og
> økonomisk-imperialistiske for meg, bare luftkrigen fører til at Milosevic-regimet
> gior seg med etnisk rensing og terror, og de fordrevne får vende tilbake og
> bygge opp igjen sine hjem og landsbyer - beskyttet av en væpnet, FN-ledet
> styrke.
>
> Aldri i livet om de får det hvis luftkrigen nå stoppes *betingelsesløst*.
> Det blir en dundrende seier for Milosevic, som etterpå kan forhale
> "forhandlingsprosessen" i det uendelige, slik dette regimet er ekspert i. De
> fordrevne hundretusener kan da skyte en hvit pinn etter det å komme tilbake.
> De blir Balkans palestinere.

Dette er ei viktig problemstilling. Men NATO sitt alternativ ser ut til
å vere slik: Å halde fram med bombing og etter kvart bakkekrig, for så å
ende opp med eit utbrent, utbomba og kanskje radioaktivt
NATO-protektorat i Kosovo, og rykande ruinar og glødande hemnlyst i
resten av Jugoslavia. Serbarane blir Balkans irakarar, og kva får
kosovarane å vende heim til?

Heller bør "det internasjonale samfunnet" ta alvorleg situasjonen også
for dei serbiske flyktningane, og tilkjenne dei same rettar som dei
kosovarske. Ikkje med å bombe Kroatia, men med å halde ein
fredskonferanse for heile Balkan, slik m.a. Johan Galtung foreslår.
Dessutan må Vesten stille opp med pengar og andre ressursar til
(gjen)oppbygging. MANGE pengar og ENORME ressursar.

Sannsynlegvis ville dette ta gløden av den ekstreme serbiske
sjåvinismen, som vel er grunna i ei kjensle av at omverda har behandla
serbarane urettferdig.

> På grunn av dette har ropet om "Stopp bombinga" aleine, ingen troverdighet
> blant andre enn de allerede frelste. Hvis "antikrigsbevegelsen" skal øke sin
> bredde og slagkraft, vil jeg foreslå at den heller går inn for
> våpenhvile, med krav om
> (1) at regimet forplikter seg til å la alle fordrevne vende hjem
> (2) at dette skal skje under beskyttelse av en væpnet, FN-ledet styrke, som
> skal bli stående i Kosovo til en endelig fredsløsning er funnet.
>
> Merk at i parolen "våpenhvile" ligger at luftkrigen *gjenopptas* hvis regimet
> ikke innfrir disse to krava. Kan antikrigsbevegelsen svelge denne kamelen?
> Jeg kan.

Dei to punkta er greie, men ikkje nok, for serbarane skal også ha
menneskerettar. Dessutan er det ikkje vanskeleg å tenkje seg ein
situasjon der dette blir endå verre enn før:
1) Serbarane går under tvang med på dei to punkta, og slepper inn
FN-soldatar og flyktningar.
2) Milosevic tek til med ny trenering og trakassering.
Skal FN då dra ut att styrkane sine og ta med seg kosovarane, slik at
NATO-bombeflya kan sleppe til att? Eller skal FN reinske Kosovo for alle
serbarar? Kvar får FN det mandatet frå?

Merk også at Milosevic har fleire han kan plage dersom han blir kasta ut
av Kosovo. Han har ikkje gått laus på ungararane i Vojvodina enno.
Dersom han sjølv må rydde plass til dei serbiske flyktningane, blir vel
det den neste staden? Skal NATO bombe der?

Det var feil å starte bombinga, og det blir verre for kvar dag ho held
fram. Men det er heller ikkje nok å stoppe bombinga. Det trengst gulrot,
ikkje berre piske.

Lars Staurset