Journalistar og haldningar

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Fri, 23 Apr 1999 14:24:29 GMT

Jon Hareide Aarbakke:

>Eg tolkar Garvik m.a. slik at han seier at folket i Frankrike stør invasjon i
>Kosovo sjølv om pressa er meir nyansert enn her. Er ho det?
>Eg las Le Monde her om dagen, og vart overraska over den lite serbiskvenlege
>haldninga. Heller ikkje Liberation verka på "høgd" med KK i sin motstand mot
>bombinga.
>Då er det kanhende ikkje så rart - viss altså premisset er usant. Men det
>veit eg ikkje.

Le Monde, Libération, dei fleste andre større aviser, radio og tv har
journalistar i terrenget, til og med inne i Kosovo, i område som ikkje er
kontrollerte av den serbiske hæren. Det finst også fleire franske ONG i
terrenget (Médecins Sans Frontières, Action contre la Faim, Télécom Sans
Frontières osb.) som også fungerer som informasjonskjelde. Det finst
sjølvsagt journalistar i Beograd og Novi Sad. Desse har informasjonsverdi,
sjølv om dei er "under kontroll".

Den lite "serbiskvenlege" haldninga kan verke paradoksal, etter som det
historisk er sterke band mellom Frankrike og Serbia. Det er kanskje uttrykk
for at det serbiske barbariet har nådd eit nivå som ikkje på nokon måte kan
forsvarast. Eg har referert eit par jounalistar, Nicolas Poincaré frå Radio
France, Rémy Ourdan frå Le Monde. Det dei har til felles, er at dei på
menneskeleg vis er sjokkerte over det dei har sett og høyrt. Dei er slett
ikkje "Nato-lakeiar", eller "visargutar for USA-imperialismen". Dei er
flinke, respekterte, saklege journalistar som gjer jobben sin. Det same kan
ein seia om dei humanitære hjelpearbeidarane. Eg høyrde nett på radioen ein
lækjar frå "Médecins Sans Frontières" som er i ferd med å kartleggje
valdtekter og overgrep mot kosovoalbanske jenter og kvinner. Ho hadde
vanskeleg for å halde seg klår i stemma, så grotesk er det. Det er inga "mjuk"
sjel, ho har arbeidd i organisasjonen i årevis, og har sett litt av kvart.

Eg har sjølv vore i krig, og har sett harde ting. Eg har vore med på å
brenne menneskekadaver for å unngå epidemiar. Eg var i Sudan i 1983 under
den store svoltkatastrofen, og har endeleg sett død og pinsle. Det er
sjeldan eg får klump i halsen, eller feller tårer, men dei siste vekene har
eg sant å seia gjort det fleire gonger. Det er ikkje snakk om "lagnad",
eller naturkatastrofe i Kosovo. Det er eit planlagt, systematisk gjennomført
barbari. For meg er det like ille, anten det går føre seg i Rwanda, i Kosovo
eller andre stader. Nett no er det i Kosovo, snautt to timar med fly frå der
eg bur. Det er i Europa. Korleis vil du at journalistar skal skrive om
dette? Skal dei "analysere", filtrere, leite etter nåler i høystakken for å
koma fram til noko som passar den redaksjonelle linja? Eller skal dei
fortelje det dei ser, lata folk snakke - skrive og snakke utan å leggje band
på seg? Eg høyrer til dei som forsvarer den siste modellen, til siste ord!

Oddmund Garvik