Sivile_mål

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Fri, 23 Apr 1999 13:30:16 GMT

Jon Michelet i leiarartikkel "Bondeviks utmerkede forslag" 23/4:

>Statsminister Kjell Magne Bondevik stiller på Nato-toppmøtet i Washington
>med et forslag som Klassekampen gir sin fulle tilslutning til. Bondevik vil
>kreve at Nato stopper all bombing av sivile mål i Jugoslavia.

>I Washington vil dette standpunktet ikke vinne noen gjenklang, for å si det
>mildt. Amerikanerne på Nato-møtet kommer til å hånflire i krokene av
>Bondeviks forslag, og det samme kommer alle de store alliansepartnerne til å
>gjøre. Flirene blir i beste fall fulgt opp av spørsmål til Bondevik om hvordan
>han under en full bombekrig vil skille mellom sivile og militære mål, hvor han
>vil trekke grensa.

Det er nok eit lite realistisk forslag, ja. Det vil ikkje berre bli avvist
fordi det kjem frå eit lite land i Nato-alliansen, men kort og godt fordi
"sivile mål" er ei definisjonssak. Det er difor heilt på sin plass å stille
slike spørsmål som du nemner.

I krig er deler av den sivile infrastrukturen av stor strategisk verdi. Det
norske forsvaret kan t.d. i ein krigssituasjon rekvirere sivile ferjer og
skip til militært bruk, likeins sivile småfly og helikopter. Kvifor er det i
alle brusamband lagt inn plassering for sprengelement?

I krig er altså det meste av sambands-, transport- og forsyningsutstyret
militære mål. Dette er elementært og eg veit ikkje kvifor ein heile tida
høyrer om kor "fælt" det er å bombe bruer, oljeraffineri og kraftverk t.d.

Sjukehus er derimot reine sivile mål, og har inga strategisk interesse,
bortsett frå om dei er omgjorde til militære hovudkvarter, eller kaserner. I
Frankrike har me ikkje høyrt eit pip om at eit sjukehus skulle ha blitt
bomba førre natt. Det jugoslaviske "Marienlyst" derimot...! Dette var
grunnsteinen i Milosevic si propagandamaskin, og var sjølvsagt eit reint
strategisk mål.

>Mens dette skjer, trygler den kosovoalbanske geriljaen og flyktningene inne i
>Kosovo om hjelp fra Nato. De som trodde at Nato-krigen skulle hjelpe
>kosovoalbanerne til et liv i frihet fra nød og undertrykking, har fått mye å
>tenke på.

Krigen er ikkje over...

>Omkostningene i menneskeliv både i Kosovo og Serbia er uhyrlige.

Er det uhyrlege tap av menneskeliv i Serbia? Kor hentar du dette frå? Og
kven er det som myrdar og voldtar uskuldige sivile i Kosovo? Kven er det som
på systematisk vis gjennomfører eit folkemord?

Oddmund Garvik