Sin eigen graut

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Thu, 22 Apr 1999 21:30:43 GMT

KVJ klagar ofte over einsrettinga i den nordiske pressa og den nordiske
konsensusen - "kardemomme-ensrettingen". Han har nok rett i mykje av dette,
men når dei nordiske dreg ut i verda for å finne anna nytt, hamnar dei som
regel i den like nordiske og "politisk korrekte" anglosaksiske verda. Det
"internasjonale" blir engelsk eller amerikansk, kanskje tysk. Det finst nok
kultur- og språkbarrierer, men det er ikkje uoverkomelege problem. Kvifor
finst det så lite av "sørleg" informasjon i den norske (nordiske) andedammen?

Kanskje det er for lite konsensus i Sør. I mitt land er anti-konsensus ein
slags leveregel, ein normal tilstand. Men me finn ut av det sjølv i den
galliske kakofonien. "Opinionen" tenkjer om lag som "opinionen" andre
stader. Framleis støttar eit fleirtal av det franske folket Nato-aksjonen i
Kosovo/Serbia/Montenegro, til og med ein aksjon på bakken. Om den nordiske
pressa blei litt "betre" og "friare", spørst det om det forandra så mykje på
innstillinga til folk. Det rare er at alle menneske er i stand til å tenkja
sjølve. "Kardemomme-ensrettingen" blir eit symptom på heilt andre ting,
eller kanskje berre ein tankekonstruksjon.

Oddmund Garvik