Etnisk reinsking (var: IS: innlegg til KK)

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Thu, 22 Apr 1999 14:40:05 +0200

Andreas Ytterstad via Anne Skevik skreiv:
> IS er mot parolen "Stopp den etniske rensinga". Milosevic har
> drevet og
> driver med etnisk rensing. Det samme har andre nasjonalistiske
> herskere på
> Balkan som Tudjman, da med god hjelp fra NATO. Det er nok å
> minne om
> Tyrkia for å skjønne at NATO ikke bryr seg om etnisk rensing.

Ytterstad skriv mykje og bra om etnisk reinsking som har vore, pågår no
og kan komme i framtida. Men konklusjonen...

> For
> krigsmotstandere i et NATO-land vil denne parolen oppfattes som
> en
> innrømmelse til NATO, som på hyklerisk vis begrunner krigen som
> en kamp
> mot etnisk rensing.

...ser ut til å henge i lause lufta. "Nei til etnisk reinsking" rettar
seg, som Ytterstad peikar på, ikkje berre mot Milosevic, men også mot
Tudjman og mot kva NATO kan finne på seinare.

Sett no likevel at det berre var Milosevic som dreiv med etnisk
reinsking. Hadde det ikkje vore rett å protestere mot det, sjølv om
bombetilhengarane også gjer det? Plagar det oss som krev slutt på
bombinga at mordaren Milosevic også krev det?

Same kva vi seier i ei omstridd sak, risikerer vi at nokon vi ikkje
likar, meiner det same og kan tene på det. Det må ikkje gjere oss
handlingslamma.

Lars Staurset