SV:_SV:__"Betingelsesløs_stans_av_bombi

Magnus Marsdal (magnus.marsdal@klassekampen.no)
Wed, 21 Apr 1999 11:36:05 +-200

Andresen skriv:

"Motspørsmål: Oppfatter Marsdal det slik at dette *ikke* er et vesentlig
motiv (sammen med andre, mindre høyverdige motiver)? Dvs. det hele er en
gigantisk konspirasjon hvor alle med makt i NATO-landa gir fullstendig
blanke blaffen i kosovo-albanerne, og bare tenker på å fremme Vestens
imperialistiske interesser på Balkan? Hvordan kan du vite det? Jeg kan ikke
skjønne annnet at det må være ut fra den almene analysen av hva slags
interesser disse kretser ellers fremmer?"

Ingen snakkar om "en gigantisk konspirasjon hvor alle med makt i NATO-landa gir fullstendig
blanke blaffen i kosovo-albanerne". Det må då finnast grenser for konstruering av Den gode motpart i diskusjonen! Nei, ikkje ALLE med makt. Og ikkje FULLSTENDIG BLAFFEN. Men DERSOM "dei humane omsyna" er eit vesentleg motiv, så har NATO (og Andresen) ei stor utfordring i å få dette til å gå ihop med dei same statsleiarane sitt "engasjement" i Vietnam, Chile, Tyrkia. Aust-Timor, Nord-Irland etc etc etc etc. Sjølv trur eg IKKJE dette med å ta vare på kosovoalbanarane kan kallast noko "vesentlig motiv" attom bombeaksjonen (heilt uavhengig av kva Håkon Blankenborg eller forsåvidt Tony Blair PERSONLEG måtte ha av sentiment i denne saka).

Den "almene analysen av hva slags interesser disse kretser ellers (?) fremmer" er *konkretisert* og drøfta i ei rad artiklar i Klassekampen og andre stader den siste tida. Eg går ikkje opp att desse analysene no, men eg kan vanskeleg sjå at dei har vore så substanslause at vi kan redusera dei til "den almene analysen av hva slags interesser disse kretser ellers (?) fremmer".

Når det gjeld samanlikninga av Nato med Churchill, og dermed av Milosevic med Hitler, er det vel verdt å merka seg at det er forskjell på konflikten i Kosovo og den imperialistiske bygginga av Det tredje riket. Det er forsåvidt også forskjell på å fordriva eit folk frå eit landområde og å utrydda det fysisk, i milliontal. Å slå Milosevic og Hitler i same kategori (og kategorien må vel vera "ond undertrykkjar og etninsk reinsar"?) utan å sjå skilnad på ei leiande aggressiv imperistmakt og dagens Serbia, tykkjer eg faktisk er på Olav Versto-nivå. Demagogi heilt utan (noko så banalt som?) analyse av imperialismen. Det er ganske likt retorikken til Erik Solheim, og dermed likt Nato-retorikken. Sjølvsagt er det ikkje UMOGLEG at Nato har rett, men eg ser lite som tydar på det.

Mingus