Får_AKP_ein_miljøpolitikk=3F

Olav Randen (boksmia@online.no)
Mon, 19 Apr 1999 17:21:39 +0200

Den (relativt lange) artikkelen som følgjer, er merknader til eit innlegg av
Morten Falck i tidsskriftet Røde Fane. Eg har tenkt å sende ein bearbeidd
versjon dit, men legg det ut her fordi eg trur dette forumet kanskje
fungerer vel så godt for meiningsutveksling som eit tidsskrift.

Stutt steg i rett lei

I Røde Fane 2-99 har Morten Falck artikkelen "Natur- og miljøvern og kampen
for kommunismen". Artikkelen er eislags skisse til eit miljøprogram for
partiet. Det er på høg tid. Mange av vurderingane til Falck deler eg. Særleg
gjeld det dei konkrete analysane. Men etter mitt skjøn vågar ikkje Falck å
tenkje tankane til endes, kanskje fordi det å gå til botnar i spørsmåla
inneber at han ikkje lenger kan hevde at han utfyllar marxismen, men i
staden kjem på kollisjonskurs med tradisjonell marxisme.

Marxisme og miljø

I arbeidsdelinga mellom Marx og Engels var det, som Falck skriv, sistnemnde
som hadde hovudansvaret for naturspørsmåla. Og fordi Marx døydde som
65-åring i 1883, måtte Engels leggje vekk desse viktige arbeida og i staden
sluttføre Kapitalen. Dette er kanskje forklaringa på at for det om Engels
har mange skarpe observasjonar om forholdet mellom natur og menneske, famlar
han i grunntenking. Av og til skriv han at mennesket er ein del av naturen
og underlagd naturen. Andre gonger skisserer han menneskets utvikling frå å
vere underlagd naturen til å bli naturens herre. : "Menneskene som nå
endelig er blitt herrer over sine egne samfunnsmessige forhold, blir dermed
også herrer over naturen, de blir herrer over seg selv, - de blir frie."
skriv han til dømes i "Sosialismens utvikling fra utopi til vitenskap".
Men ei anna forklaring er kanskje meir dekkjande: Engels (og Marx) var
produkt av det tidlege, framveksande industrisamfunnet, hadde annamma mykje
frå det mekanistiske natursynet som René Descartes først utvikla og hadde i
si tid sjølvsagt ikkje hadde føresetnader for å sjå avgrensingane og mistaka
med dette natursynet.
Det at mennesket går frå å vere ein del av naturen til å få kontroll med
naturen, var ein synsmåte som høvde det framveksande industrisamfunnet, både
i aust og vest. Slik vart tekniske nyvinningar, motoren, telefonen, bilen,
atombomba og alle andre, til uomtvistelege framsteg, til ledd i menneskets
erobring av naturen. Klarast har eg funne dette synet i den sovjetiske
læreboka "Marxismen-leninismens grunnlag" frå 1958. Der skisserer ein
professor kva for krav arbeidarklassen må kunne stille til framtidige
styresmakter:
"Det må kreves følgende:
- at menneskenes levealder forlenges til i gjennomsnitt 150 til 200 år, at
infeksjonssykdommene utryddes, og at andre sykdommer stadig begrenses;
- at alle naturkreftene, solenergien og vindens energi og varmen i jordens
indre blir brakt til å tjene menneskene,- at atomenergien anvendes i
industrien, transportvesenet og byggevirksomheten og at en finner fram til
metoder for å kunne lagre opp energi og nytte disse lagrene på et hvilket
som helst sted uavhengig av noe ledningsnett;
- at en kan forutberegne naturkatastrofer slik som oversvømmelser,
virvel-stormer, vulkanutbrudd og jordskjelv og hindre at de inntreffer;
- at det ales opp dyreraser og avles fram planteslag som vokser raskere og
kan gi mer kjøtt, melk, ull, matkorn, frukt, fibrer og tømmer til
folke-husholdningen;
- at ugunstige områder som myrstrekninger, fjellområder, ørkenstrekninger,
taiga og tundra blir trengt tilbake og innvunnet for livets behov, - og at
en eventuelt også tar sikte på å innvinne havdypet;
- at en greier å mestre klimaet og å regulere vind og varme slik som en i
dag greier å regulere elveløp; drive bort skydekket og etter eget
forgodtbefinnende framkalle regn eller godvær, sne eller hete."

Eller som Falck skriv:
"Biologien har gjort store framskritt. ... Industrien blir biologisk og
biologien blir produktivkraft på et nytt nivå. (I parentes bemerket ligger
betingelsene for denne utviklinga i matematikken og datateknologien, som
muliggjør beregninger og analyser som tidligere var praktisk
uoverkommeleige. Informasjons- og kommunikasjonsteknologien skyver
ytterligere på prosessen.)"

Alle ser at den russiske professoren var på viddene. Men er ikkje det Falck
skriv, rett då? Jau, det er rett alt saman. Men noko anna er viktigare, at i
høve til naturens mangfald, kompleksitet og kreativitet forstår vi framleis
svært lite. Om vi til dømes gjennom bioteknologi kryssar to artar, kan vi
ikkje på noko vis føreseie kva som blir resultatet.

Kunnskapar, sædceller og antibiotika

La meg sitere den kanadiske genetikaren David Suzuki:
"Bananfluga har vore ein favoritt for genetisk forsking i nitti år. Minst
sju nobelprisar har vorte vunne på denne fluga. Milliardar av dollar og
titusentals årsverk med forsking må ha vore brukte på bananfluga verda over.
Så det er ikkje overraskande at vi har skaffa oss djupt innsyn i og enorm
manipulerande kunnskap om denne arten. Til dømes kan vi i mitt eige
laboratorium skaffe fram fluger med tolv føter i staden for seks (dei kan
ikkje gå særleg bra, men dei ser spesielle ut), fire venger i staden for to
(dei kan ikkje flyge, men dei ser ut som ein Boeing 747), ein fot i staden
for snabel eller ein veng ut frå eit auge. Dette er forma for kontroll
forskinga har gitt oss.
Men til dags dato har vi ingen ide om korleis bananfluga overlever kanadiske
vintrar. Vi veit enno ikkje korleis eit egg blir ei larve, korleis larva
blir ei puppe og korleis puppa blir til ei fluge. Artar av fluga er så nært
i slekt med kvarandre at berre eit fåtal forskarar kan skilje dei åt, men
sjølve har dei ikkje det minste problem endå dei manglar doktorgradar. (...)
Eg tok eksamen som genetikar i 1961 og tenkte då at eg forstod alt som var
verdt å vite om genetikk og kunne setje verda i brann. Men når eg i dag
fortel studentane kva eg visste i 1961, vil dei geispe eller le av vantru.
Men når dei har vore professorar i tjue år og fortel sine studentar kva som
var dei fremste ideane i 1997, vil desse studentane også le."
I 1929 gjorde den britiske legen Alexander Fleming ei oppdaging som med
rette vart kalla det største framsteget legevitskapen til dags dato har
gjort. Han fann ut at somme stoff kunne drepe skadelege bakteriar. Stoffa
vart kalla antibiotika. Bios betyr liv, altså anti-livsstoff eller
livsdreparar. I andre verdskrigen slo penicillinet og andre antibiotika
gjennom i behandling av sår og bakteriesjukdommar, og dei har vorte brukte
meir og meir, dei siste tiåra også i dyrefôr for å halde sjukdommar unna
dyra og fremje vekst og avdrått. Utviklingsoptimistane trudde kampen
menneska førde mot bakteriane, var i ferd med å bli vunnen.
Men i femtiåra viste det seg at somme typar antibiotika ikkje verka lenger.
Dei fleste medisinarane forstod ikkje kvifor, men tok i bruk nye typar, og
det gjekk bra. Så viste det seg at heller ikkje dei verka. Bakteriar har
utvikla resistens. Korleis det har skjedd, veit vi ikkje så nøye. Men la oss
tenkje oss at 99 av 100 bakteriar av ein art vart drepne av antibiotikumet,
medan bakterie nummer 100 overlevde fordi han var av eit ørlite anna slag.
La oss tenkje oss ei ny behandling med liknande resultat og endå ei. Då har
dei få overlevande bakteriar veksthøve som aldri før, for dei har ikkje
andre representantar for sin eigen art å konkurrere med.
Det neste som skjedde, var at resistente bakteriar overfører resistens,
smittar på eit vis, til bakteriar av andre slag. Heller ikkje det veit vi
korleis skjer. Men når forskarar legg to bakteriekulturar, ein resistent og
ein ikkje-resistent, på ei skål, kan det vise seg seg dagen etter at dei
ikkje-resistente har vorte resistente.
Det tredje som skjedde, var at bakteriar som hadde utvikla resistens mot ein
type antibiotika, lettare vart resistente mot fleire typar. Dei vart meir
disponerte for multiresistens.
Antibiotika vart altså med rette utropt til eit veldig framsteg for
legevitskapen. Men om sjukdomsfremjande bakteriar viser seg i stand til å
utvikle resistens mot alle antibiotika i år eller om eit tiår, har samtidig
kunnskapane om andre behandlingsmåtar ikkje vorte utvikla og ofte vorte
borte. Difor kan dette framsteget snu til eit tilbakesteg.
La oss så bruke litt plass på sædceller. Hjå dagens 20-åringar kan det vere
60 millionar i ein milliliter sæd. Men hjå 50-åringane er det nesten dobbelt
så mange. Ei undersøking viser at talet på sædceller minkar med 2 prosent
for kvart årskull. Kvifor? Ingen ting tyder på at talet på sædceller veks
med "eigars" alder. Det må vere faktorar utanfor som påverkar celletalet.
Men til no har 20-åringen vorte utsett for 20 års forureining, medan
50-åringen har vorte utsett for mykje meir. Så med ei slik forklaring skulle
50-åringen ha færre og ikkje fleire sædceller.
Truleg er det meir komplisert. Truleg er forklaringa at dei unge ved
fødselen er disponerte for færre sædceller fordi mødrer dei siste tiåra har
vore utsette for syntetiske stoff som i livmora blir oppfatta som østrogen,
og som hemjar veksten av dei cellene som organiserer og regulerer
sædproduksjonen. I så fall vil vi leve med dette problemet, som i verste
tilfelle kan vere ei form for massesterilisering, i minst ein generasjon
til. Viss det då ikkje blir ført vidare genetisk, så vi aldri blir kvitt
det.
Korkje antibiotika-resistens eller nedgang i sædcelletal er det eine
problemet med stor P. Dei er to av mange problem. Det samanfattande
problemet er at dagens konkurranseindustrielle samfunn på område etter
område gamblar med naturen i staden for å innordne seg.
Difor veit vi heller ikkje kva for forsvarsvåpen naturen vil setje inn i
neste omgang. For på eitt vis er det det som skjer. Når menneske tek i bruk
PCB eller DDT eller DØS eller vancomycin eller penicillin og trur dei skal
rydde unna problem, treng naturen vanlegvis litt tid for å førebu eit
forsvar. Men i konflikten mellom menneske og mikrobar tyder mykje på at
mikrobane vil vere dei sterkaste. For mikrobar som kan vege ein milliondels
gram, kan drepe organismar som kan vege 100 000 gram. Spesielt fordi dei har
ein stor fordel, dei formeirar seg så snøgt. Under gunstige vilkår kan ein
bakterie bli ein million bakteriar på eit døgn. Medan menneske har minst
15-20 års generasjonsintervallar.

Eit tidsperspektiv

Falck skriv: "Utvikling av genmodifiserte planter (og dyr) krever omfattende
forsøk i stor skala gjennom mange år - industrien regner med ti
vekstsesonger, altså fem år hvis de kan dyrke både nord og sør for ekvator."
La oss vurdere dette, men først sjå på eit anna tidsperspektiv. Kloden har
bestått i 4,5 milliardar år. I kanskje 3,5 av desse har det vore liv her,
medan menneska har eksistert i mellom 200 000 og 500 000 år, altså i ein
ørliten del av klodens tid.
På ein brøkdel av denne tida att, dei 60 åra frå andre verdskrigen byrja,
har menneska gjort meir for å bryte ned livet på kloden enn på heile tida
føreåt. Med nedbryting av det tynne matjordlaget som finst her og der, med
fleirdobling av talet på eksemplar av homo sapiens, med forørkning,
forureining av jord, luft, vatn og hav dit at det ikkje er råd å ta ut ein
liter vatn upåverka av menneske, med nedbryting av grenser mellom økosystem
og på alle dei andre måtane lesarane kjenner og dei måtane korkje lesarane
eller eg som skriv enno kjenner.
Vi kan tenkje oss klodens tid som ein film, der lerretet er omtrent likt
like til ein veldig lysblink i siste tusendels sekundet.
Kva med dei ti prøvesesongane, som Falck rettnok synest meine er
utilstrekkeleg? Den genmodifiserte planta eller dyret skal brukast til
menneskemat. Tåler menneska denne maten? Vi kan teste på rotter eller myser,
men føreset då at menneske reagerer på same måten som rotter og myser. Vi
testar mange gonger dosane, gjerne hundre gonger og trur oss då trygge, men
føreset då at større dosar er ein risiko og små dosar ikkje er det. Når det
gjeld hormonhermande syntetiske stoff av det slaget som reduserer
sædcelletalet i mannleg avkom, viser det seg at det ikkje er mengda det kjem
an på i det heile, for ørsmå dosar er tilstrekkelege. Det er signalet som
trengst. Neste spørsmål er korleis den nye maten verkar i ulike
kombinasjonar med dei mange kjemikala menneska har i seg? Det finst rundt
70.000 i handel og er uråd å teste alle kombinasjonar. Korleis verkar maten
inn på immunforsvaret til dei som et han, på menneske i ulike livsfasar, på
dei gravide, på avkommet? For å gjennomføre ei forsvarleg testing treng vi
svar på desse spørsmåla. Då treng vi ikkje berre ti vekstsesongar, men ti
generasjonar menneske.

Framstegstrua

Gong på gong møter vi framstegstrua hjå Falck:
* "Biologien har gjort store framskritt. ... Industrien blir biologisk og
biologien blir produktivkraft på et nytt nivå."
* "Kunnskapene har økt enormt og gir oss muligheter til å unngå
katastrofer."
* "Bioteknologien representerer et kvalitativt kjempesprang i utviklinga av
de biologiske produktivkreftene."
* "Genteknologien har potensiale til å bli en enorm velsignelse."
* "Bioteknologiens nyeste dramatiske gjennomslag er suksessen med kloning."

Men etter desse lysande framtidsutsiktene kjem ikkje argument. Falck går
rett over til å skrive (konkret og skikkeleg) om problema kombinasjonen
bioteknologi og profittjag fører med seg. Det får ein til å undrast på om
framstegstrua er reell eller berre programmatisk. Altså at Falck trur
vitskap og teknikk går raskt framover fordi han er innanfor ein tradisjon
der han skal tru det.
La oss bruke DDT, klorert hydrokarbon, som døme. Like før krigen oppdaga den
sveitsiske kjemikaren Paul Müller at DDT drap insekt som mygg, fluger,
biller og mange larver. Det trengde gjennom huda og inn i nervesystemet til
insekta, slik at dei vart lamma. Stoffet gjorde at mange allierte soldatar
unngjekk malaria, gulsott og flekktyfus, og det vart teke meir og meir i
bruk i landbruket verda over. I 1948 fekk Müller nobelpris i medisin for
sitt store arbeid for helse og rein mat.
Men etter kvart viste det seg at DDT vart brote ned svært sakte, at det
samla seg opp i næringskjeda og at det reduserte dyrs formeiringsevne. Som
nemnt tidlegare nærmar forskarane seg ei forklaring på det siste. DDT og
endå meir det endra stoffet DØS blir av ein dyrekropp oppfatta på linje med
det kvinnelege kjønnshormonet østrogen og set i gang prosessar som endrar
kroppsfunksjonar. I verste fall kan massesterilisering av menneske og dyr
bli det langsiktige resultatet.
Dei fleste hagebrukarar og frukt- og grønsakdyrkarar brukte DDT. Mange
brukte DDT innandørs for å halde insekt unna. Framleis blir stoffet nytta i
mange land, ikkje minst der presset for valutainntekter er større og
leseevna mindre enn hjå oss. Det inneber at med fri vareflyt gjennom WTO får
også vi det i oss.
I dag kan vi seie at DDT ikkje var eit framsteg. Men i 40-åra hadde dei
ikkje føresetnader for å spå om skadane. For dei var eit syntetisk stoff eit
syntetisk stoff og eit hormon eit hormon.
Kva kunne ha hindra lanseringa av DDT i ein periode då samanhengane var
ukjende? Berre ei anna grunntenking kunne ha gjort det. Ei vurdering av
naturen som heilskap, risikoane ved å tukle med han og av alt vi ikkje veit
kunne ha stoppa lanseringa. Altså eit heilt anna natursyn enn det Falck står
for.
Det tok eit par tiår før DDT for alvor vart eit problem. Det tok eit par nye
tiår før forskarane tok til å bli i stand til å forklare kvifor DDT var eit
problem. Det tek (i beste fall) endå eit par tiår før bruken av DDT tek
slutt. Og ingen veit kor mange tiår det tek før skadeverknadene er borte.
Eller om dei blir borte, eller bruken har sett i gang nye, irreversible
prosessar.
Neste spørsmål blir: Kor mange stoff, organismar og biologiske prosessar er
lanserte dei siste tiåra som vi vil sjå skadeverknadene av først om nokre år
eller generasjonar?
Det er i dette perspektiviet vi må vurdere bioteknologien. Heller ikkje eg
er prinsipielt imot bioteknologi. I ei knapp verd trengst nye tiltak for å
produsere meir mat og halde sjukdommar unna. Men vi veit så lite, og forsøk
og satsing blir gjort av folk som ikkje berre er for profitt, men som attåt
trur at dei forvaltar innsikta og at naturen er enkel. Om vi erstattar eit
potetgen med eit gen frå flyndre, for å ta eit forsøk som har vorte gjort,
er vi ikkje i stand til å føresjå korleis den genmodifiserte organismen
blir. For dei arveeigenskapane som blir kombinerte, er så mange, så
uoversiktlege og så varierande ikkje berre frå art til art, men frå individ
til individ, at våre spinkle matematiske modellar og dataprosessorar ikkje
er i stand til å spå resultata med nokon grad av sikkerheit.

Tiltrua til kommunismen

Kapitalismens profittbehov står i vegen for utvikling av dei biologiske
produktivkreftene ut frå vanlege folks behov, skriv Falck. Men når
kommunismen kjem, då blir det annleis. For i samfunnet "i pakt med de
rammene den fysiske verden setter: Frihetens rike", vil behova bli dekte og
dei biologiske ressursane kunne brukast fullt ut.
I opningsartikkelen i same bladet, skrive av leiar Gulbrandsen og politisk
sekretær Bell i AKP, les vi at "AKP er for ubegrensa frihet for arbeidsfolk
og de fattige millionmassene i verden".
Uavgrensa fridom altså. Men virkelegheita er ikkje like enkel. La oss tenkje
oss at vi to, lesaren og eg som skriv, er i same rommet, at den eine av oss
røykjer ustanseleg og den andre har astma som blir verre på grunn av røyk.
For røykjaren er uavgrensa fridom til å røykje viktig. For astmatikaren av
oss er uavgrensa fridom til rein luft minst like viktig. Vi ser at uavgrensa
fridom for ein kan vere til stor skade for ein annan.
La oss ta eit anna døme: A har dårleg hjarte. Mykje talar for at i løpet av
eit par år er han død. Men mennesket og grisen har relativt lik anatomi. A
kan få transplantert hjarte frå grisen. Om transplantasjonen er vellykka,
vil A kunne leve i fleire tiår. Men det eksisterer ikkje berre ein risiko
for at transplantasjonen skal bli mislykka og A li same lagnad som grisen,
det eksisterer også ein risiko for at organtransplantasjonar frå grisar til
menneske kan gjere sjukdommar grisane blir råka av, til menneskesjukdommar
og difor bli til dramatisk skade. Kven sin fridom, A sin eller alle andre
sin, skal vi i så fall ta omsyn til? Vi ser at uavgrensa fridom for ein kan
vere til stor skade for mange andre.
La oss ta eit tredje døme: Også i første generasjons kommunistiske samfunn
er det fisk i hava. Og menneske treng fisken, elles vil dei svelte. Men om
dei ikkje avgrensar fisket, vil hava tømmest, neste generasjon bli utan
matkjelda og naturen bli dramatisk fattigare. Vi ser altså at uavgrensa
fridom for ein generasjon kan vere til stor skade både for naturen og for
komande generasjonar.
All nøktern naturinnsyn fortel oss at eit berekraftig framtidssamfunn ikkje
blir noko jordisk paradis. Om det blir kommunisme aldri så mykje, blir det
slett ikkje eit samfunn med to timars arbeidsdag og uavgrensa fridom for
alle, slik AKP-leiarane synest tru. Det blir eit samfunn som må stille harde
krav om nøysemd og arbeidsinnsats til innbyggjarane. Det blir eit samfunn
med skarpe og mange motseiingar mellom folk. Og det blir eit samfunn der
individa må innordne seg.
Difor er det også slik at kommunisme ikkje løyser miljøproblema. Aller minst
gjer ein kommunisme som blir lansert som "ubegrensa frihet for arbeidsfolk
og de fattige millionmassene" det. Det finst gode argument for at kommunisme
er eit nødvendig vilkår for eit berekraftig samfunn. Men ikkje for at det er
eit tilstrekkeleg vilkår. Kommunisme med det gamle synet at mennesket
forstår og står over naturen, endåtil i Falcks modererte variant, vil ikkje
vere berekraftig.
Difor er etter mitt skjøn Falcks framlegg berre eit stutt steg i rett lei.
Om målet er at menneske i det talet vi ventar framover, ti til tolv
milliardar, skal kunne overleve i mange hundreår og tusenår på denne vesle
kloden, trengst eit meir audmjukt og respektfylt syn på naturen, ei større
varsemd overfor naturendringar og ei langt meir radikal tenking i høve til
dagens miljøfiendtlege politikk enn den vi møter i dette innlegget.

Olav Randen