Re: Jorun-apell

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Mon, 19 Apr 1999 14:32:06 GMT

Når ein les talen til leiaren i AKP, forstår ein nok ein gong kvifor AKP
framleis er ei sekt etter snart 30 år - ikkje berre ei sekt, ei handfull
"framskridne" som no trur tida er komen attende. Dei skal erobre "folket"
som røvarane i Kardemommeby. Dei sit på kammerset og "analyserer stoda" -
"den 3. verdenskrigen står for døra", "en revolusjonær situasjon nærmer seg"
osb. Tjuefem år etter skal dei nok ein gong gjera seg klare til den
"historiske oppgava", "lede de norske massene i en seierrik kamp mot all
imperialisme". Det er von i hangande snøre...

>Hva handler denne krigen om? Den handler om folks rett til å bestemme i
>sitt eget land uten innblanding utenfra. Den retten gjelder alle!
>Befolkninga i Kosova har samme rett til sjølstendighet som befolkninga i
>Kroatia eller Slovenia – eller Kurdistan. Om det er lurt å bruke den
>retten til å lage egne stater eller ikke, er opp til dem, ikke oss. Verken
>NATO eller Milosevic har noen rett til å nekte ei befolkning å bestemme
>sitt eget lands framtid.

Kvifor snakka ikkje AKP-leiaren om folkemordet i Kosovo? Kvifor var det ingen
parolar mot den etniske reinsinga? Eg ventar meg rett nok ikkje stort frå
leiaren av eit parti som tidlegare støtta liknande overgrep, og som aldri har
teke noko oppgjer med det. Berre feia det under matta.

Ho prøver å ta seg att, men blir berre latterleg når ho seier:

>Grunnen til at den norske regjeringa støtter bobminga, er at den norske
>staten sjøl er en del av den imperialistiske blokka....<klipp>

>Og derfor fører Milosevic en fascistisk undertrykking og etnisk rensing i
>Kosova for å fordrive den albanske befolkninga.

Det er nesten til å bli redd av...

Gulbrandsen legg ut om hykleriet til den norske staten, men heldt ho tale då
Sarajevo blei bomba? Demonstrerte ho då fleire byar i Bosnia blei raserte?
Den norske regjeringa er nok hyklersk, men Jorun Gulbrandsen står i botnen
av ein djup brønn når ho snakkar om dette. Ho er like hyklersk.

>Men bombinga har styrka Milosevic. Den har slått beina under mye av
>opposisjonen som var mot ham i Jugoslavia – av forståelige grunner. Og
>bombinga satte jo nettopp fart i utrenskningene i Kosova!

Det er lenge sidan ein såg noko av denne "opposisjonen"..., og den etniske
reinsinga byrja for mange år sidan.

Nebojsa Popov *) (jurist, sosiolog og redaktør i det serbiske
opposisjonsvekebladet Republika) sa i eit intervju i Gazeta Wyborcza
(Warszawa) at "den etiske reinsinga blant dei intellektuelle i Beograd let
vente på seg." Opposisjonen smuldra bort etter vinteren 1996-97.

Den etiske hygienen i AKP og "antikrigsrørsla" er ikkje så mykje å skryte av
heller. Eg har inntrykk av at det trengst nokre "utrenskninger", som
Gulbrandsen kallar det.

>For mange år sida, da USA bomba Vietnam, var det i starten noen
>ytterst få mennesker som tok avstand. Vi som støtta det vietnamesiske
>folket og samla inn penger til dem, kunne få inn åtte kroner og femten
>øre og mye kjeft på en hel lørdag, fordi folk mente at vi støtta
>terrorister. Det palestinske folket ble på samme måten framstilt som
>terrorister og umennesker da Israel gikk til krig mot dem, og det norske
>folket trodde det også lenge.

Det er på moten å snakke om "historieløyse". Leiaren i RV snakka om dette i
eit intervju for ei tid sidan. No følgjer Jorun Gulbrandsen opp med eit
praktisk døme. Kosovo er Vietnam. Ja, men kva slag Vietnam? Skulle ein
følgja denne analogien, er det vietnamesiske folket det albanske fleirtalet
i Kosovo, og FNL er Frigjeringshæren for Kosovo (UCK). Kosovo er serbarane
sitt Vietnam, ikkje Vesten sitt.

Det er likeins med Palestina. Liksom Asharq al-Awsat, den panarabiske avisa
i London, skriv: "Palestinarane og innbyggjarane i Kosovo har mykje å læra
av erfaringane til kvarandre." Eller den palestinske avisa i Ramallah, Al
Ayyam: "Det er umogleg for ein palestinar ikkje å kjenne seg solidarisk med
kosovoalbanarane som no er konfronterte med heimløyse og etnisk reinsing."

Skal ein på død og liv trekkje historiske parallellar, må det bli Danzig. Eg
siterer Leopold Unger i Gazeta Wyborcza (Warszawa): "Einkvan hadde heilt rett
då han nyleg minte om at året 1939 var resultatet av for stor toleranse i
høve til diktaturet. Ein ville ikkje dø for Danzig, den tids Kosovo. Når
Polen, kasta ut på den internasjonale arenaen ved sitt nylege medlemsskap i
Nato, trass i tvil stemte for intervensjonen i Jugoslavia, er det også fordi
landet hugsar denne datoen betre enn andre nasjonar."

I AKP er det viktig å "ha grep om virkeligheta". Om denne ikkje stemmer med
"analysen" frå partikammerset, er det ikkje så farleg. Ein pyntar litt på
ho. Det finst alltid *nokre* som diltar etter likevel.

Oddmund Garvik

*) Sjå boka "Radiographie d'un nationalisme. Les racines serbes du conflit
yougoslave", redigert av Nebojsa Popov, Editions de l'Atelier, Paris, 1998.