"Betingelsesløs_stans_av_bombinga"

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Mon, 19 Apr 1999 10:07:13 GMT

Anders Ekeland:

>- Jeg er uening med Trond når det gjelder bombinga. Den skulle aldri ha
>vært satt igang, den må opphøre straks og betingelsesløst.

Har du tenkt over at "betingelsesløs stans av bombinga" ikkje ville vera
anna enn ein formidabel siger for Milosevic? Denne parola er midt i blinken
for det serbiske regimet.

Kvifor skulle ein stoppe bombinga no? For å spare regimet? For å spare den
serbiske infrastrukturen? For å la terroren og den etniske reinsinga i
Kosovo halda fram "i fred"? Det må finnast eit svar på dette, elles blir det
ei heilt tåkete, prinsipplaus, for ikkje å seia suspekt parole.

Skal det bli slutt på den etniske reinsinga, må dei serbiske styrkane og dei
paramilitære militsane først av alt førast ut av Kosovo. Om dette ikkje lar
seg gjera ved hjelp av ein "fredsplan", må det setjast inn ein solid
bakkestyrke, støtta av kamphelikopter. Det verkar som om det går i den leia.

>Jeg synes det var en alvorlig feil at parolen "Nei til etnisk rensing" ikke
>var med i demonstrasjonen i Oslo. Jeg ville ha tatt brudd med NKP og IS på
>det. Fraværet av parole mot Milosevic-regimet skandaliserer den
>revolusjonære venstresida.

Du har sjølvsagt rett i dette. "Antikrigsrørsla" verkar veldig glorute, kva
er det eigentleg ho står for?

Oddmund Garvik