SV: svar til Marsdal - dekning av krigen

Magnus Marsdal (magnus.marsdal@klassekampen.no)
Sat, 17 Apr 1999 19:38:17 +-200

Eg er samd med Nils i at vi bør intervjua Bestemor i Salten, ikkje berre kjendisar i Oslo. Absolutt. (At det Kjærstad meldar i avisa i dag er "politisk uinteressant" trur eg ikkje eg er samd i. Kva er "politisk interessant"? Proletarar og organiserte kommunistar?) Eg tykkjer det er litt for lettvint å be om "fyldig omtale av demoene" rundt om i landet. For KVA skal vi skriva? Eg trur IKKJE at det blir bra avis av å laga "demonstrasjonsreferat" med utførlege utdrag frå appellane etc. Det er ikkje interessant lesestoff i seg sjølv at vi "synleggjer" motstanden. Vi SKAL synleggjera og inspirera til organisering, men dette må gjerast BRA og lesverdig. Om vi trur det er god nok journalistikk så lenge vi skriv om demonstrasjonar (fordi det er i tråd med ei politisk line for massemobilisering og Folkets Eiga Kraft), blir vi akkurat det som AKP vart anklaga for å villa laga då Bjerke måtte gå: Ei menighetsavis.

Eg meiner Nils presenterer ei heilt riktig politisk line ("vektlegg grunnplansarbeid"), men ein får IKKJE god avis ved berre å slutta frå denne politiske lina til at "KK må skriva mykje om alle demonstrasjonane lokalt". Å vera ei avis for grunnplansorganisering er vel så mykje å skriva FOR aktivistane som å skriva OM dei. Då er informasjon, argumentasjon og analyse det som trengst, og eg trur faktisk at Jostein Gaarder og denslags kan vera til inspirasjon og nytte for folk som arbeider med å få igang motstandsarbeid lokalt. Eller Opprop mot krigen, som syner all slags breidde. KK-redaksjonen har bidratt mykje til å få igang Påskeopprøret.

Om eg skal meina noko sjølv om kva som kan gjerast for å styrka dekkjinga av motstandsarbeidet, blir det pr no dette, i all hast:
1 Nyttig informasjon. Kva skjer, kor og når, og korleis tek du kontakt med fronten lokalt. Her treng vi hjelp frå aktivistar og lesarar!
2 Gode bilete, det er alltid bra.
3 Gode dikt, appellar etc. Ting som går utover "det vanlege", tekst som er lesverdig, ikkje berre "politisk korrekt". I måndagsavisa prentar vi truleg eit dikt som Sidsel Mørch hadde laga til demonstrasjonen i Oslo. Det var eit bra dikt.
4 Argument og meiningar nedanfrå. Intervju med folk som engasjerer seg, slik som vi laga med dei som skal frå Dønna til Serbia for å vera "levande skjold". Dette får fram at det finst sterke meiningar og engasjement ute mellom folk flest.
5 Kritikk og debatt kring det politiske grunnlaget for arbeidet og denslags. KK kan bidra til å driva frontbyggjinga framover.

Fleire innspel? Kom med dei!

Mingus